søndag, oktober 13, 2024

Dagbok 2024: 13.oktober


 

Klokka er no 19.48, temperaturen ute er + 6 grader C. Eg veit ikkje så mykje om veret for eg har vore inne nesten heile dagen. Eg gjekk tur på Vernet før middag og då var det opplett.

Dette vart ein fryktelig kjedeleg dag, men eg kan takke meg sjølv. Eg har sete og sett TV og strikka nesten heile dagen. Har ikkje gjort noko til gagns, men sett eit heil serie på nettet; at eg strikka ein halv lest mens eg såg er ei anna sak. 

Eg hadde kjøpt inn mykje god mat til helga og skulle lage middag i dag, men den middagen skal eg ha i morgon, for eg fekk ikkje tid til å lage middag når eg skulle sjå TV. Ja, eg rota det godt til, og eg er veldig misnøgd når eg ikkje får gjort noko  skikkeleg "arbeid".

Eg treng nokre fineversdagar for å få rydda hagen før vinteren kjem, men no ser det ikkje lyst ut.

No skal eg lage meg litt mat-men det blir vel kveldsmat og ikkje middag.

I morgon må eg få gjort litt av kvart for tysdag skal eg både på trening og på Pensjonistmøte.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2014:15.oktober

 Klokka er no18.06,temperaturen ute er +10 grader. Det har vore ein fin dag utan regn, men heller ikkje så mykje sol. Snøen har smelta mykje...