mandag, oktober 14, 2024

Dagbok 2024: 14.oktober

 

Klokka er no 17.48,temperaturen ute er +6 grader og sola skin. Det har ho gjort i heile dag. Eg tok bildet då eg gjekk turen min i dag morgon. Grjekk på Fonnvernet som vanleg og i dag trefte eg fleire eg kjende og fekk prate litt med dei. Det var heilt nydeleg å få gå ute i solskinnet.
Eg hadde ein plan for dagen, det er lurt å ha, for så får ein kanskje gjort litt av kvart.
Det første eg skulle var å handle inn mat og diverse anna. Til ei forandring køyrde eg ned på SPAR for eg var ikkje så sikker på kva eg skulle kjøpe, og der er godt utval. Eg fekk plukka litt av kvart opp i vogna mi. Og så køyrde eg heimover, på Mosvegen. Ofte når eg køyrer der stikk eg ofte bortom gravplassen for å sjå korleis det står til med blomster etc. så det gjorde eg i dag. Det var eit behov for nyplanting for å seie det slik. Eg kunne ikkje gjere noko der og då, for eg måtte heim etter reiskapar, der er ingenting å hjelpe seg med på gravplassen.
Så var det heim att og ha frå seg varene og lesse inn reiskapar etc. Og ned att på Spar for å kjøpe ein lyngplante. Viss eg hadde tenkt meg litt om så kunne eg ha gjort alt i ei reise, men så langt hadde eg ikkje tenkt-
Då eg kom heim planta eg den gamle planten frå grava i beddet nedanfor garasjen. Eg brukar å gjere det slik.
                                Lyngen får stå til det er tid for julekransen

Eg steikte kylling i bitar og hadde ein pose med tillegg. og så kokte eg ris. Det vart litt uryddig på kjøkkenet så eg ville vaske opp litt for hand. Men kva skjedde? Vatnet i springen var kaldt! Eg prøvde å ta det roleg, kanskje var det berre ein sikring som hadde gått. Men sikring-skapet er eg ikkje så fortrolig med for det er høgt på veggen ved kjellartrappa. Der fer eg ikkje og klatrar. 
Men kva gjer eg når eg har el-problem? Eg er så heldig at eg har ein"personleg elektrikar", så han ringde eg til, han kom ganske snart, og før han for så var vatnet i springe lunka. Takk og pris så slepp eg å ha rørleggar som skal sette inn ny varmtvass-tank til ørten tusen kroner. Og så styret med det.

Nio er eg fornøgd med denne dagen. I morgon vert det littstress, for då skal eg på trening først og så er det Eldredagen på Kulturhuset etterpå. "Problemet" er : Kva skal eg ha på meg? Eg er ikkje så velutstyrt i klesvegen for tida, men folk går nokledde i både det eine og det andre for tida. Alt er lov!

Fint å gå heim frå Vernet i dag morgon. Det er ein som har eit tre med så fine raude lauv på, så det lyser opp heile gata.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2014:15.oktober

 Klokka er no18.06,temperaturen ute er +10 grader. Det har vore ein fin dag utan regn, men heller ikkje så mykje sol. Snøen har smelta mykje...