tirsdag, oktober 15, 2024

Dagbok 2014:15.oktober


 Klokka er no18.06,temperaturen ute er +10 grader. Det har vore ein fin dag utan regn, men heller ikkje så mykje sol. Snøen har smelta mykje i fjellet men er ikkje vekke enno.

I dag var det trening, og eg måtte fare åleine i dag også. Etterpå hadde eg eit ærend i Vik(sentrum)Det er nesten litt trist å sjå, for der som før var liv og røre og mykje folk inn og ut av butikkane, der er det nesten berre frisørsalongar att og ikkje mykje folk i gatene.Eg brukar å parkere bilen ved ALTI og gå opp i gatene. Det er mykje snakk om å få gjort noko med sentrum, blåse nytt liv i gatene, men det ser ikkje lyst ut. No handlar folk mest på ALTI og i FURENE. Og det som før var handlegater ligg der nesten utan liv. Eg hadde eit lite ærend på ein frisørsalong, og så gjekk eg ned att til ALTI, men ikkje  inn, eg køyrde beint heim, for eg ville gå tur på vernet før eg skulle på "Eldre- fest".

Som sagt, så gjort, eg tok runden min og så var det heim att og shine seg opp litt før "festen"- Marit hadde snakka om at ho ville vere med, men eg var litt i tvil. Redd for at ho skulle falle og slå seg etc. Men ho sa at no var ho så bra at ho gjekk på føtene men stavar- for sikkerheits skuld. Ho kom gåande så fint som berre det og sette seg i bilen, heilt utan hjelp. Og det var så kjekt å sjå!!!

"Festen" på eldredagen var det stort sett Karen Høydal som hadde fått i stand. Der var barn frå barnehagen som song frå scena. Så var der diverse andre innslag, Mari Ella og Elias spelte trompet i lag med læraren sin, men ho kunne like godt ha halde seg borte. Der var veldig mykje folk og mange vi ikkje kjende, dei kom vel frå utkantane i kommunen. Maten på desse samkomene er nokså eventyrleg. Det er elevar på kokkelinja som lagar heilt fantastisk oppdekking.  Maten er OK men den ser veldig vakker ut. Så ein "et" like mykje med augene.

Då eg kom heim måtte eg berre sette i gang ein oppvask(for hand)-eg brukar ikkje å gå frå eit rotete kjøkken , men det gjorde eg i dag.

Det kjekkaste i dag var at Marit var så frisk og rask, eg har følt meg litt åleine denne tida ho har vore sjuk. Der kjem folk til henne kvar dag(trur eg) og hjelper henne -med trening, mellom anna.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2014:15.oktober

 Klokka er no18.06,temperaturen ute er +10 grader. Det har vore ein fin dag utan regn, men heller ikkje så mykje sol. Snøen har smelta mykje...