onsdag, oktober 16, 2024

Dagbok 2024: 16,oktober

                             Det er bosstømming om onsdagane.

Klokka er no 17.17, temperaturen ute er og+ 17.graderC, nesten sommartemperatur altså . Det har vore ein fin dag, med delvis sol, eg hadde som ein plan då deg stod opp, og først på planen kom handling på KIWI. Eg hadde planer om å lage ein kakebotn, og så mangla eg ingredienser.

Då kaka var ferdig, tok eg runda mi på Vernet, I dag var det fleire skuleklassar ute og gjekk, og somm ropte "Heia Olaug" -- det er er vant til-folk veit kven eg er og kva eg heiter sjølv om eg ikkje kjenner dei. Idag trefte eg ei lærarinne som eg hadde jobba i lag med på Velle. Eg har knapt sett henne sidan. Det var veldig fint på Vernet i dag, og fint elles også, snakka med mann og kone i eitt av husa eg går forbi, henne på veg ut, han på veg heim. Vi er mange pensjonistar her i gata, vi er vel i flertal.

Til kaka mi hadde eg brukt berre eggekvitane, så eg tok plommene og laga meg pannekaker til middag, det gjekk fint an.

Etter at eg hadde ete slappa eg av litt, før eg skulle ut og plukke opp alt lauvet frå trea - med plenklipper. Men det gjekk ikkje så bra, klipparen starta heilt fint, men så begyte det å ryke  og då slo eg av. Eg prøvde fleire gonger , men det var ikkje råd, og eg hadde ingen å spørje. Så det vart til at eg måtte rake med riva, men så gjorde eg mykje meir enn det, eg klipte gras og rydda opp rundt busker og tre  t.d. Men no var eg lei så no gjekk eg inn.

Det er heilt nydeleg å få ein slik dag etter mange dagar med snø i fjell , regn og rusk. Slik som vi har hatt det i dag, kan vi gjerne ha det lenge. I morgon skal eg ikkje på trening, for fysioterapeuten skal kurse seg, så då kan eg kanskje få gjort litt meir ute. Eg ny nytte dei dagane som er til å bu hagen til vinteren. I fjor fekk eg ikkje gjort noko særleg og då blir det noko å ta att om våren.




Ingen kommentarer:

  Klokka er no 16.35, temperaturen ute er +19-20 grader C, det er heilt utruleg å få det så varmt rett etter at snøen låg langt ned i fjells...