søndag, oktober 06, 2024

Dagbok 2024: 6.oktober

 


Klokka er noca 17.30, temperaturen ute er + 10 grader, og det regnar visst litt innimellom. Eg har ikkje vore ute for ei dør i heile dag, og grunnen ser de på bildet over her.

Då Margrete kom i går hadde ho med seg denne boka, som ho ikkje har lese sjølv enno. Arill riise er vel kjend for dei fleste i Norge, i alle fall dei som ser på TV2-(det gjer ikkje eg) Men eg kjenner Arill fordi vi var naboar her i Starevegen. Foreldra til Arill budde i nr.9 og vi i nr.7-nære naboar altså.

Eg hugsar også då raset gjekk på Riisegardane, då budde vi på Melle, men vi var bort og såg det raset hadde gått, men det var nokre år seinare.Far til Arill døde her i Starevegen,og familien flytta til Sæbø. Eg har no møtt Arill seinare også, ein gong i Karlstad i Sverige.

No har Arill altså gjort det han har tenkt på i mange år; han har skrive om klyngetunet på Riise og dei som budde der.

Eg begynte å lese i går kveld og har lese ein god del i dag også, eg slo av TBV-enog la bort strikketøyet -og LAS. Eg er på langt ær ferdig. Det kunne blitt vanskeleg å halde styr på alle som er omtala i boka, men Arill gir alle ein "tittel"

(storebror, søster ,tante osv. ) slik at det blir lettare å halde styr på flokken.

Eg har lese mykje, men har ein god del igjen.Eg er så heldig at eg kan lese når eg vil og så lenge eg vil. Eg likar alltid å lese mykje samanhengande når eg først les- Eg har lese lite i seinare til, men no blir det kanskje til at eg får leselysta att .

Eg likar godt måten han skriv på, det blir ikkje altfor vanskeleg å halde styr på alle personane. Dette er bra!!! Takk til Margrete , du skal snart få boka tilbake.

........................................................................................................

Eg hadde tenkt å snike meg ein tur ut, men no mørknar det snart, så då let eg vere. I morgon er det kvardag så då får eg heller gjere noko arbeid både ute og inne. Eg må kanskje på VØR igjen?

Ingen kommentarer:

Dagbok 2014:15.oktober

 Klokka er no18.06,temperaturen ute er +10 grader. Det har vore ein fin dag utan regn, men heller ikkje så mykje sol. Snøen har smelta mykje...