Klokka er no 18.48 , temperaturen ute er berre 2-3 +grader og kvelden kom tidleg i dag.Det positive er at vi slepp regnet. I dag fekk eg gå på Vernet for første gong på over ei veke, og det var nydeleg å komme ut i fineveret.
Men før eg gjekk ut hadde eg gjort ein liten jobb inne, eg hadde mellom anna stroke dukane frå selskapet, dei eg vaska og tromla i går. Det var akkurat litt fuktige så det var fint å stryke dei. Litt andre småjobbar gjorde eg også før eg kom meg av garde.
Eg likar i grunnen ikkje snø , men litt kvitt på toppane eg no fint, eg møtte mange andre vandrerar i dag, men ingen eg kjende, Då eg kom heim rydda eg litt i klunger-hola, men det må eg ta att ein annan dag.
Eg har ikkje strikka i dag, for handa har vore litt låk, så eg har streva med å løyse sudokuen frå fredagsavisa, Den må vere ferdig før klokka 10, for då får eg tysdagsavisa på nett og der kjem løysinga. Siste gongen eg såg over no,trudde eg at eg var i mål, men så var der ein liten feil, men eg veit ikkje om eg orkar å finne den-
I morgon er det trening igjen, så då må eg stå opp i tide, men det er ikkje problem for eg vaknar alltid tidleg same kva eg skal.
Det var kjekt då Rasmus var her, og vi for rundt og køyrde i bilen min, på VØR og til Furene. Det er kjekkare enn å fare åleine, men eg må snart ein tur på VØR igjen , eg har sekker ståande alle plassar med såkalla hageavfall. Godt å få det vekk før snøen kjem. Eg har diverse eg vil gjere i hagen , berre det ikkje kjem snø før eg er ferdig slik som i fjor.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar