Klokka er no 16.25, temperaturen ute er +10 grader C og snøen smeltar litt etter litt i fjella.
I dag var det den vanlege tralten igjen, først var eg på trening og så var eg ein tur opp til Marit. Ho er mykje betre og og komande torsdag skal ho begynne på treninga igjen. Det er utruleg, nesten, at ho kunne bli så fort bra, men når det er betennelse er det vel slik.
Etter at vi hadde prata frå oss, gjekk eg ein runde på Vernet, Der var ikkje så mange i dag og ingen eg kjende, så eg rota ikkje bort så mykje tid .
Til middag i dag laga eg risgraut,noko eg brukar å gjere når eg har melk til overs. Eg likar ikkje å kaste mat.
Eg tok ikkje fredagsvasken sist fredag,men denne veka blir det onsdagsvask, så er eg fri på fredag når eg skal vaksinere meg. Eg tek mot alle vaksiner eg får tilbod om, og er har aldri blitt sjuk av det, slik mange blir.
No må eg gå igjennom avisa (Møre Nytt)før eg set på TV-en og tek fram strikketøyet. Eg hadde hatt bruk for nokre fineversdagar slik at eg hadde fått rydda skikkeleg opp i hagen. I fjor kom vinteren før eg hadde spylt klipparen, og det var ikkje så lurt. I morgon har eg heile dagen til disposisjon så då må eg no få gjort noko. Såg ikkje særleg fint ut då spola skein på stuevindua, så der har eg ein jobb også. Det er så kjekt å alltid ha noko å gjere, då får ein ikkje til til å kjede seg. Eg er glad i huset og heimen min.
Slik er det her i dag
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar