Klokka er no15.30,temperaturen ute er +7 grader C og det regnar. Skikkeleg ufyseleg ver no, Eg hadde tenkt å gå ein tur på Vernet i dag, det er ei veke sidan sist, trur eg. Men eg går ikkje i dette veret.
Rasmus reiste i dag morgon, men han er vel ikkje komen heim til Kongsberg enno.
Vi diskuterte i går kveld kva veg han skulle ta, eg foreslo Kvivsvegen og Utvikfjellet og Hemsedalen- eg har no reist den vegen mange gonger, men det er mange andre vegar som fører til Kongsberg -. Eg håper det går bra denne gongen også om ikkje veret er så bra. No kom det eit solstreif her,gjennom regn og skodde.
I dag har eg halde på å rydde opp litt, og det er no kjekt å ha noko å styre med inne, når ein ikkje kan vere ute. Det er nok å rydde opp i både ute og inne. Eg vaskar og tromlar klede etc. Og så er eg fri til å gjere det eg vil i morgon også. Eg skulle berre ønske meg litt betre ver så eg kunne få jobbe ute også; eg er ikkje ferdig med alt eg skal gjere til vinteren, eg må snart på VØR igjen,og tida går fort fram mot jul no, på Plantasjen hadde dei både juletre og anna pynt. Eg ser ikkje fram til vinteren, eg hugsar i fjor kor glatt og farleg det var, og så er det snø som skal mokast. Vinteren er ikkje for gamle folk, men eg kunne ikkje tenkt meg å reise til "Syden" heller. Det letta litt opp no så eg skal sjå om eg får eit bilde-
Her må eg rydde opp litt ned i bakken der "klungeren" stod. (Rosa heitte Rosa mayesi, viss eg hugsar rett.)Rasmus tok opp fleire digre røter som ligg att der ned. Dei kan få ligge ute i regnet og bli vaska reine-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar