onsdag, april 17, 2024

Dagbok 2024: 17.april

 

              Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år.


Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 grader C, sola skin og det er litt vind. Heilt nydeleg ver altså.

I dag var det ikkje noko eg "skulle" så eg bestemte sjølv kva eg ville. Eg sat litt  og øvde på spansk på Reels før eg tok ein tidleg tur på Vernet. Om morgonen er føtene sprekast. Då eg kom heim hadde eg bestemt meg for å sjå litt meir på "veden" som ligg under altanen dvs. thuja stammar og greiner frå i fjor sommar. Eg tenkte at eg kunne begynne å klippe ev.sage greiner etc.. Eg fekk gjort ein god del, men det må nok ei motorsag til for å ta stammane. Eg har motorsag som eg kan bruke, men eg er litt forsiktig med å bruke den når eg er åleine. Eg har gjort det før, men er blitt meir forsiktig etter diverse "ulykker"- Ja, ikkje akkurat med motorsag altså.

Eg saga nokre av dei tjukke greinene med vanleg handsag, men så begynte sagkrakken å gå ut i spagat og då gav eg meg. Det er sikker berre å stramme mutrane, men eg hadde ikkje lyst i dag. Eg hadde laga til ca 3 sekker med "ved" så det får halde ei stund. 

Plukka litt singel på plenen opp mot gata, når ein freser snø på vinteren blir det alltid litt singel med. Til middag i dag laga eg smørbrød med egg og sild. Sette meg inn i stova med kaffikoppen , og etter kvart begynte eg å strikke. Det vart spennande, for det var andre lesten i eit par, og eg frykta at det vart for lite garn-og det vart det. No har eg lagt sokkane bort mens eg tenkjer ut ein plan.

Naboane i nr.5 driv på ute i lag. Hagearbeid er kjekkast når ein er to. Eg har ikkje sjekka opp alle prosjekta mine enno, men eg ser at det blir eit godt skvalder-år i år også, det er aldri uår på skvalderkål.

Hausten kom så brått i fjor at mykje av reiskapen min var ståande eller liggande ute og kom først fram når snøen for, og mykje av det eg skulle gjere, blei ikkje gjort. Så det blir litt å ta att. Marit og eg planlegg å plante på gravene, men på TV2 hadde verdama sagt at det var for tidleg å plante noko ute enno. Det skal visst bli snø igjen. Så naboen i nr.9 og eg vart samde om at det ikkje hasta med å legge på sommardekk heller. Sola skin framleis, men eg trur eg held meg inne.

I morgon er det trening igjen. Neste onsdag er det pensjonistmøte på Rjåneset, og eg trur eg må få klipt håret mitt før det.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...