tirsdag, april 16, 2024

Dagbok 2024: 16.april

 

Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også.

Klokka er no 16.04, temperaturen er + 13 grader, men det er litt vind så det kjennest kaldare ut.

I dag var vi på trening igjen, og etter treninga var vi på apoteket, og etter det på KIWI. Og så sit vi alltid og pratar litt i bilen etter at vi er heime-det høyrer med.

Eg var ikkje spesielt trøtt av treninga i dag, så eg tok ein tur på Vernet med det samme. Då eg kom heim laga eg middag og åt. Og så slappa eg av ei stund framfor Tv-en. Eg heldt på å skulle sovne, men det prøver eg å unngå- 

Eg føler også at eg må sjå og høyre nyheitene, men det er nesten som eg gruar til å sette på TV-en. Eg hadde aldri trudd at verda skulle bli så krigersk igjen, men dei som lever og styrer no har vel ikkje opplevd så mange krigar før. Eg kan med min beste vilje ikkje forstå at land vil krige mot kvarandre i vår opplyste tid.

Marit og eg vurderte å kjøpe blomster til gravene, men slo det frå oss sidan det er meldt kaldare ver. I dag såg eg mykje kvitveis, eg sakna kvitveisen i påsketida, men det var tidleg påske i år. Eg ser mykje på naturen når eg går turane mine, i dag såg eg små bjørketre som hadde begynt å få lauv, lerketrea har begynt å få grønfarge, dei kjem vel før bjørka.


Det er mykje som må gjerast i hagen her, men det er for tidleg, og for kaldt, og det er meldt at vi skal få snø igjen.

I morgon er det heimedag, men trening torsdag. Neste veke skal det vere pensjonistmøte, då skal vi vere på Rjånest i kafeen der. Eg veit ikkje om eg skal køyre ut eller om eg skal ta buss. Eg har ikkje vore på Rjåneset etter at Nils døde.Eg har ofte tenkt å ta ein tur dit, men det har ikkje blitt. No skal JULA også opne butikk i Furene. Greitt nok å ha kjøpesenter m.m. der, men Furene ligg i Volda, så Ørsta har mist fleire butikkar. Og det likar eg ikkje, og eg likar ikkje at vi må dit bort for å handle når vi misser butikkar her.


Dette ser eg fram til. Eg har lese at ein skal klippe ned rosebuskene første veka i mai. Det er no ikkje så lenge til.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...