lørdag, mars 09, 2024

Dagbok 2024: 9.mars


 Klokka er no 19.20, temperaturen er så vidt under 0. Det har vore ein strålande dag med sol frå morgon til kveld, Eg hadde ingen planar for dagen, men starta med ein runde på Vernet.

Så fekk eg melding frå Margrete om at ho skulle til Ørsta på kunstutstilling. Kunsten var det elevane i klassa hennar som hadde skapt. Og så ville ho ta meg med på tur etterpå. Det var ikkje NEI i min munn.Vi tok oss ein kaffikopp her først-og så var det på Kunsthuset. Det var heilt utruleg kor mykje fin "kunst" elevane hadde fått til.

Eg har sett kunst av andre "kunstnerar" som har vore mindre bra. Vi snakka no med elevane også og gav dei gode tilbakemeldingar.

Så skulle vi på tur, og sidan vi begge er glade i havet, vart det ein tur til Flø, der vi køyrde så langt vegen gjekk, og gjekk tur på stien vidare, Dennis var så stille og roleg, og gjekk så fint i band, Margrete tok bilde, men så hadde ho ikkje meir straum på telefonen sin, så ho tok bilde med min. No har ho lagt bilda inn på PC-en min, så eg håper eg finn att nokre av dei i alle fall.

Vi avslutta programmet med kvar sin store middagsporsjon på Kina-restauranten i Volda. Det er første gong eg har sett att mat på tallekenen, men i dag vart der ein klatt med ris, som eg ikkje greidde. Som dokke forstår, har eg hatt ein veldig kjekk dag. Og så var det så fint å sjå bort på dei snødekte fjella i Ørsta frå hi sida av bygda.



2 kommentarer:

arieldog sa...

Takk for turen!

bodilingeborg sa...

Fine bilder! Kjekt du fekk deg ein tur ut til havet.
Mvh Bodil

  Klokka er no16.50, temperaturen ute er +12 grader, og det regnar, så no er det slutt på herlegheita for denne gong. No ventar eg på at Mar...