lørdag, august 12, 2023

Dagbok 2023:12.august

 

                                        


Klokka er no 18.30, det er + 22 grader C, og nydeleg varmt ver. men innimellom kjem det litt regn, akkurat no er det sol og fint.

Då eg vakna i dag tidleg trudde eg det var søndag, så eg la meg til igjen og sov eit par timar ekstra, så det vart ein forseinka start på dagen og planane var endra. 

Men eg skulle i alle fall klippe plen viss det vart opplett ei stund, men først dusja eg og rulla opp håret, sidan eg måtte på butikken i løpet av dagen.

Etter kvart vart veret så fint at eg kunne klippe plenen rundt huset om ikkje anna. Eg vart lens for bensin, så eg måtte avbryte og ta ein tur til bensinstasjonen. Det var ikkje så fint der eg hadde klipt og mykje gras låg att, derfor klipte eg ein gong til. Då vart det litt betre, men skråninga står att til over helga- .

Eg var invitert til kaffi hos Marit, og der var Brita også. Marit har kjent henne lenge, og eg vart kjend med henne på treninga. Ho er frå Olden, men har gått på skule på Eid. Der vart vi sittande å prate og drikke kaffi - nesten heilt til no.

Eg har ikkje ete middagsmat i dag, så eg må vel finne meg litt saltmat  no.

Det er ikkje så nøye med å klippe skråninga, men eg får vel ta eit tak etter helga. Det som hastar mest no er å plukke solbæra for dei er veldig modne. Trur dei egnar seg best til saft.

Eg lurte på å ta ein tur på Vernet før eg tek kvelden viss det held seg opplett. Men det kan eg no heller gjere i morgon-.


Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 19.mai Pinsedag

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +12 grader, det er litt vind og fin sol. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Vernet, og det var frisk...