fredag, august 11, 2023

Dagbok 2023: 11.august


 Klokka er no 20.05, temperaturen ute er +14 grader, det er lettskya no, men vi har hatt sol før i dag. Kjekt å sjå sola igjen-

I dag har eg ikkje gjort noko særleg fornuftig, eg har tatt meg ein fridag. Etter frokosten fekk eg gjort ferdig sudokuen-og det var no viktig.

Litt ut på føremiddagen gjekk eg ein tur på Vernet i fineveret, og då eg kom ned att prata eg med Marit og Marit. Den einaste jobben eg gjorde i dag var å klippe gras med saks opp med postkassestativet og litt i hagen.

Eg fekk lyst på middag og fann ein rest av kjøttkaker i brun saus og det var ok- Men eg vart så trøtt etterpå at eg gjekk og la meg på solsenga på altanen, og eg trur eg sovna. Men eg høyrde at naboen klipte plen, og jammen hadde han tatt plenen min også, den ovafor garasjen. Eg klipte ikkje graset i dag for eg trudde det var for vått, men det kjem no ein dag i morgon også, og det er ikkje  sundag sjølv om eg føler på meg at det skal vere det.

På sein ettermiddag kom Marit ned og vi åt kake og drakk kaffi og prata-ikkje minst. Eg har ikkje hatt på TV-en sidan i dag tidleg, så det kan ha hendt mykje i verda sidan den tid. Så no får eg sjekke. 

Viss eg kjem meg tidleg opp i morgon kan det hende at eg tek ein tur til Volda og kjøper garn- eller kanskje ikkje.

GOD HELG!

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 19.mai Pinsedag

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +12 grader, det er litt vind og fin sol. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Vernet, og det var frisk...