lørdag, mai 20, 2023

Dagbok 2023:20.mai


 Klokka er no 17.15, temperaturen ute er eventyrlege + 20 graderC-første skikkelege sommardagen i år.

Alt i går kveld begynte eg å føle meg friskare, og i dag tidleg var eg nesten normal, berre litt småhosting. Eg var klar til å gjere ein innsats i dag, men visste ikkje kvar eg skulle starte. Så melde Marit at ho skulle ta soverommet sitt i dag, og det var ein god ide  for meg også. For på soverommet mitt er det så mykje teppe og styr at eg må vere om meg når det er opplett. Eg skulle bytte på senga også. Eg fekk litt fart på meg då eg hadde bestemt meg og så tok eg datarommet i samme slengen. Og klede vart lagt i vaskemaskin og det vart reine storreingjeringa i dag.

Alt gjekk fint, men eg hadde ein tanke i bakhovudet som sa:PLEN. Eg høyrde det surra i fleire retningar ute, så då var det altså tørt nok til slått . Eg fekk i gang klipparen og klipte rundt huset. Det går heilt greitt. Me Skråninga er tung, så eg måtte ha eit par pausar, men eg greidde å fullføre på den måten som var. Eg har tatt opp fleire fulle bytter med løvetannrøter hittil i år, men det skulle ein ikkje tru for det var meir løvetann i plenane enn nokon gong før. Eg kom no i mål med klippinga i dag, på den måten som var. Opp mot gata vart det ikkje klipt i dag, så det har eg til gode.

Eg var nokså gåen etter arbeidsdagen min i dag, det er no berre så vidt eg har friskmeldt meg. Eg hostar enno og er ikkje heilt i form, men mykje betre enn eg har vore. Eg tok meg litt mat då eg kom inn, og så sette eg meg inni godstolen og sette TV-en på "You Tube". Eg trur eg datt ut ein augneblink og vakna opp att til Elvis som song "Bridge over troubled Water", og mange andre kjende songar. Det er TV-en sjølv som vel kva dei skal spele til meg, utfrå diverse som eg har høyrt på PC-en. Eg kan ha mange fine konsertar på den måten.Eg tenkte litt på Elvis og livet hans. Han var ein vakker gut med ei fin stemme, men han øydela seg sjølv på ein måte. Og så tenkte eg på korleis det hadde vore om tvillingbroren hans hadde fått leve om det hadde blitt " Presley-brørne "? det får vi aldri vite.

Men det var ein ting til eg måtte gjere i dag, eg måtte ned på ALTI og betale i ein spleis. Eg venta til langt ut på ettermiddagen, for ikkje å treffe bort i så mykje folk. Men no har eg altså betalt og slepp å tenkje meir på det.

Eg har att å strekke på senga mi-så er eg i mål for denne gong. Mandag håper eg å få klipt resten av graset.

Det er så nydeleg ute no, det har ikkje vore så klår sol i dag, men varmt og godt. I dag sløyfa eg turen på Vernet, ein går mykje når ein klipper gras.


Eg har ikkje gjødsla enno, det har vore litt for tørt, dei lyse flekkane i plenen or mose, som eg håper å få vekk med tid og stunder.

Ingen kommentarer: