søndag, mai 21, 2023

Dagbok 2023: 21.mai


 Klokka er no 16.00, temperaturen ute er+19 grader, og det er nokså overskya, men stille og fint. Som de ser på bildet har eg vore ein liten tur på Vernet i dag også for å få vere ute, eg synest ikkje eg kan halde på så mykje ute i hagen på søndagar, men det kan hende eg gjer litt still arbeid ei lita stund, viss eg får ånden over meg. Akkurat no er nokså slapp og giddalaus. Eg åt middag for ei stund sidan og då blir eg litt sløv ei stund etterpå.

Eg sov til klokka var nesten 9 i dag,  eg legg meg ikkje tildleg om kveldane, men eg har sove veldig godt desse siste nettene sidan eg ikkje har hatt noko "å skulle" på dagtid. Forkjølinga er ikkje over, men eg er ikkje sjuk på nokon måte. Det er mitt eige val at eg har gått her åleine, eg er ikkje interessert i å smitte andre.

Det er ein nydeleg temperatur ute, og det ser ut til at sola kan komme fram. 

Eg trur det må vere eit veldig godt løvetannår i år, har aldri sett mykje av denne sorten før. Det var heilt gult i plenen då eg klipte i går enda eg hadde tatt opp fleire bøtter med løvetannrøter på førehand. Og enda blomstrar det i hagen. Ein av naboane mine påstår at løvetennene er fine, og det kan eg gå med på så lenge dei ikkje veks på min plen.

No kom eg på at eg kan gå ut og pynte litt her og de med hand-reiskapar som ikkje lagar lyd.

I dag er Rasmus på veg nordover med bil, han skal til Mo i Rana og halde kurs. Eg skulle så gjerne ha vore med på bilturen, men ikkje på dei 4 kursdagane .Eg håper berre at han kjem vel fram og tilbake. Eg har vore i Mo i Rana 2 gonger, på gjennomreise. Eg saknar alle bilturane våre i Norge og Sverige.


Epletreet blomstar fint, men det kjem ikkje så godt fram på bildet.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...