mandag, mai 22, 2023

Dagbok 2023: 22.mai


 Klokka er no18.15, temperaturen på trappa er +18 grader C. Det er lettskya med sol innimellom, ein nydeleg dag eigentleg.

Eg hadde store planar for dagen, eg skulle gjere mykje hagearbeid og kanskje fare på Plantasjen. Det vart ikkje akkurat slik då. Eg fekk klipt plenane oppe mot gata og det var no greit. 

Så sette eg i gang nedst i hagen, der eg ikkje får gjort det heilt skikkeleg med plenklipparen. Eg tok opp løvetannrøter i "jordbæråkeren" og mange andre stader, klipte gras for hand og rydda såpass som eg greidde det. Eg skulle eigentleg ha brukt den elektriske kantklipparen, men den var det ikkje liv i. Eg kjøpte den seint på sommaren i fjor og den vart ikkje så mykje brukt då, men eg fekk ikkje liv i den i dag. Og ingen mann var å sjå. Dermed klipte eg med handsaks, men eg vart no ferdig på ein måte. 

Ryggen min vart også ferdig, så eg gjkk like godt inn og laga til litt mat og så sette eg på TV-en og såg nyheiter. Eg forstod etter kvart at eg ikkje kom meg ut att for å jobbe, så eg tok heller ein god dusj og vart rein både på hender og føter og det var godt. Turen på Plantasjen vart utsett enda ein gong, men eg kunne tenkt meg å ha med meg nokon.

I morgon skal ein tidlegare kollega gravleggast og eg skulle ha vore i kyrkja, men eg hostar og snufsar for mykje til å vere i lag med folk. Eg kan ikkje gå på treninga heller, for eg har ikkje lyst å smitte andre. Eg trur det må vere mange år sidan sist eg var skikkeleg forkjøla-men no er eg det.

Eg tenkjer på skvallerkål. I fjor kjøpte eg noko som drap den-ei lita stund- før det var på han igjen. 

Rasmus kom vel fram til Mo i Rana i dag, han hadde overnatta i Steinkjer.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...