fredag, mai 19, 2023

Dagbok 2023: 19.mai.


Klokka er no18.43, temperaturen ute er+12 grader C, det er overskya ,men opplett.

Denne dagen har gått veldig fort. Eg var oppe til vanleg tid, men det tok si tid før eg var ferdig med fredagsvasken. Alt gjekk så treigt i dag, og eg var ikkje så opplagt på å gjere noko. Då klokka var 14, leita eg fram litt mat som eg fann i kjøleskapet, så vart det middag. 

Eg talde på knappane om eg skulle ta ein tur på butikken å skaffe litt mat, eller om eg skulle gå ein tur. Det vart butikken, så no skal eg ikkje svelte i hel i helga i alle fall. Men då eg kom heim hadde eg fått blod på tanna, så eg tok ein tur på Vernet også. 

Då eg hadde sett meg til for å skrive blogg ringde telefonen, og eg tok den til slutt og snakka med mi gamle venninne frå skulen, Astrid. Ho og andre hadde ordna med blomster til gravferda til Tora. Det er mange av dei gamle kollegaene mine som ikkje lever lenger. Men slik er det.

Eg er delvis tett i nasen , men hostar ikkje så mykje lenger. Eg er på ingen måte ferdig med forkjølinga, men har det tolleg bra.

Ein kan lett gå i surr med dagane  i disse tider, men i dag er det fredag, så eg kan ønske alle ei god helg!

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...