lørdag, mai 06, 2023

Dagbok 2023: 6.mai


Klokka er no 18.18. Temperaturen ute er +15  grader.  Det har vore nydeleg ver i dag også, men ut på ettermiddagen kom det nokre skyer, som er nesten vekke no. Oppe i hovudet mitt har det vore sundag i dag, endå eg veit godt at det er laurdag.

Etter frokost etc. i dag, vaska eg håret og rulla det opp for å få litt skikk på det. Eg hadde bestemt meg for å gå turen på Vernet før eg starta med hagearbeid. Men eg måtte sjå nyheitene først og der tabba eg meg ut. For der var det kroning av ny konge i England, og det måtte eg no berre få med meg. Eg som har sett all verdas seriar om det engelske kongehuset måtte no berre ha med meg dette. 

Så eg tok fram strikketøyet og strikka i  veg, mens Charles vart både krona og salva. Eg kunne ikkje la vere å tenkje på at då eg var på hans alder hadde eg vore pensjonist i 11 år. Han virka litt puslete, men vil han vere konge, så skal ikkje eg nekte han det. Tre timar sat eg og følgde med på kroninga og strikka ferdig ein lest og festa trådar på to. Og så gjekk eg på Vernet. Då eg kom ned att var Marit ute med hunden så då måtte eg prate litt med dei. 

Eg skulle lage middag til meg sjølv, men utsette det til kvelden og tok eit par brødskiver så lenge. Då vart eg plutseleg så trøtt at eg måtte legge meg ut på solsenga og kvile litt, men vart ikkje liggande så lenge sidan det skya til litt. 

Det har ikkje blitt hagearbeid på meg i dag, og ikkje veit eg kva eg skulle ha gjort heller. Gartnaren heime sa alltid at ein ikkje skulle plante noko før 17.mai. Men eg kunne no kanskje ha klipt plenen? 

Eg har vurdert å kjøpe robotklippar så eg gjekk inn på nettet for å sjekke prisar etc. Og når eg sat her attmed maskina, kunne eg like godt skrive på bloggen. Slik kan ein surre vekk ein heil dag. Men jobbane mine forsvinner ikkje.

I dag er det to i slekta som fyller år. Det er Stein Inge på Eid som fyller 54 år og Lise i Stryn som er 71. Viss eg har rekna rett.

No får eg vel prøve å finne meg litt middagsmat til kvelds. Men så blir det visst nyheiter igjen-og då blir det vel reprise på kongekroninga. TV-en styrer visst mykje av tida mi, men veldig kjekk å ha når ein bur åleine.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...