tirsdag, mai 30, 2023

Dagbok 2023: 30.mai

Klokka er 17.40, temperaturen ute er +10 grader. Det har vore overskya og opplett i dag, men no er det nesten som sola vil kome fram.

Eg hadde ingen planar for dagen, sidan det ikkje vart trening i dag. Så då måtte eg bestemme meg for kva eg skulle bruken tida til. Etter kvart gjekk eg ut i hagen og begynte å ta opp løvetannrøter, etterpå klipte eg ei buske som sikkert skulle ha vore klipt sist haust. Eg hadde resten av kugjødselkomposten ned på den rotete jordbæråkeren etc.etc.

Eg gjekk inn og skulle ete middag , eg hadde suppe igjen frå i går. Og då såg eg at naboen hadde begynt å klippe plen. Han klipte ovafor garasjen min også. Då visste eg kva eg skulle bruke resten av arbeidsdagen til. Så no har eg klipt alt som eg kan klippe av plen. Plenen er bra fin og jamn , men nokre "bøter"  er der sjølvsagt.

I morgon blir det vel ikkje så mykje gjort, då er de møte i pensjonistlaget på Kulturhuset klokka 16. Eg er ikkje flink å bruke hanskar ute, så det går vel ein halv dag til å bli rein igjen og til å få orden på håret. Eg er heldigvis heilt frisk att etter forkjølinga. 14 dagar varte den.

Eg likar å halde på ute, men eg kjem ikkje over så mykje som eg gjerne ville og eg har enno ikkje få kjøpt inn blomster til kjøkkenkassane. Det einaste eg har som blomstrar fint no er dei gule stemors som eg kjøpte til påske. Dei har vart merkeleg lenge.
 

Det einaste syrintreet mitt står fullt av blomsterklasar som held på å sprette ut.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...