onsdag, mai 31, 2023

Dagbok 2023: 31.mai

                                    Starevegen sett frå Vernet

Klokka er no 19.40, temperaturen ute er + 11grader C, det har vore overskya men opplett i dag-trur eg.

I dag skulle eg på pensjonistmøte, så eg tok ein tur på Vernet før middag for å få litt mosjon.Elles har eg ikkje gjort det skapte grann anna enn å vaske håret etc. til vi skulle på møte. Eg kjørte og Marit sat på med meg i dag. Møtet var på Kulturhuset, og det var eit innhaldsrikt møte med informasjon og musikk. To damer var der å snakka om eldre som vil bu heime eller vil kjøpe seg noko anna. Det var snakk om kva hjelp ein kunne få, og mykje anna.

Så kom Børre Lødemel med gitar og anna utstyrt og song og spelte alt mulig frå norske viser til Tina Turner og Vassendgutane. Det er alltid kjekt når Børre kjem.

Han er no ikkje heilt ung lenger, han heller, men eg hugsar han godt frå tida på Velle. Forresten var det mange nye på møtet i dag, menge someg ikkje kjenner. Men Brita var der og hadde tatt av plass til Marit og meg.

Vi fekk god mat, karbonadesmørbrød + is og kaffi. Det var eit kjekt møte, og eg kan nyte alt utan å tenkje på at eg skal skrive referat.

Forresten var det utlodding og Marit vann kaffi+Twist.

I morgon skal vi på trening igjen-og så blir det fredag etterpå.Og i morgon kan vi blade om til Juni på kalenderen.



 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...