mandag, mai 29, 2023

Dagbok 2023: 29.mai


 Klokka er no 18.00 Temperaturen ute er ca+ 11 grader C og det har regna det meste av dagen. Då eg stod opp i dag, tenkte eg at eg ville gå tur når det leid på og veret vart betre.

Etter morgonstell og frokost, sette eg på vaskemaskina  og så vart det ikkje gjort noko meir -anna enn å sjå TV og strikke litt langsmed. Apropos TV så kjem eg ikkje inn på Netflix lenger-ikkje utan å logge meg inn etc. Klok av skade prøver eg ikkje å gjere det sjølv. Eg greier meg no utan Netflix.

Eg har passa katten til Marit i helga og for ein gongs skuld har ho ete opp maten sin.Ho har kome ned heilt av seg sjølv fleire gonger og fått mat.

Det såg ikkje ut til at det skulle skine opp i dag, skodda ligg framleis heilt ned på jorda, men eg venta med turen. Til middag i dag laga eg grønnsaksuppe med pølseterningar og til dessert hadde eg jordbær med fløte. Eg hadde no kjøpt inn litt godt til helga.

Klokka vart 17 før eg kom meg ut på tur, det regna framleis, men ikkje så mykje . Så det heldt med regnjakke og Hoka-sko i dag også.

No er det slutt på ferien min også, i morgon er det trening og onsdag er det møte i pensjonistlaget.

Dette er Amanda, den yngste av jentene til Margrete. (Mor mi heitte Amanda Margrete)

Amanda fyller 23 år i dag. Alle fire søskena heiter Bjørneset til etternamn. Derfor strikkar Margrete bjørnegenserar til alle. Ho har begynt på den 4. og siste no.

Amanda har tatt lærarutdanning i Trondheim til til no-men no flyttar ho heim til Volda og tek dei to siste åra der.

GRATULERER MED DAGEN, AMANDA

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...