søndag, mai 28, 2023

Dagbok 2023: 28.mai

Klokka er no 16.40, temperaturen ute er + 12 grader , det er opplett og litt sol av og til. Då eg stod opp i dag var ikkje veret såpass, då var det kaldt og nysnø i fjella og ingenting som minte om sol og sommar. Det var så kaldt og hustre at eg måtte fyre opp i omnen for å få det varmt. Eg sat mykje og strikka og såg TV på føremiddagen, men då klokka nærma seg 13, kledde eg meg etter veret og gjekk tur på Vernet med Hoka-sko og regnjakke. Men det regna ikkje så mykje i dag som i går, så eg vart ikkje våt i dag. Oppe på Vernet er det nesten alltid vind og i dag var den kald.

Eg gledde meg til god middag i dag, for eg hadde ein rikeleg stor porsjon att frå i går som eg varma opp. Maten går ned på høgkant -eg har ikkje blitt mindre glad i mat med åra, eg er svolten som ein ungdom i mitt 84.år. 

Det vart meir TV etter middagen, vart mellom anna sittande å sjå ein heil Ole Paus-konsert og likte den.

Lollo kom då eg ropte på henne til frokost, og no kom ho og fekk middag også. Ho held til oppe med huset til Marit, men kjem springande når eg ropar på henne.

No skin sola inn glaset til meg, så det ar no eg skulle ha gått tur, men no er eg for mett. Og eg er ikkje heilt gira på hagearbeid-det er framleis for kaldt og vått ute.

I morgon fyller Amanda 23 år. Lett å hugse aldren på henne som vart fødd i året 2000. 

 

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...