lørdag, mai 27, 2023

Dagbok 2023: 27.mai


Det hadde begynt å minke på vatnet i elva, men no har den fått ny forsyning.

Klokka er no 18.15, temperaturen ute er + 10 grader og det silregnar Eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet så eg veit kva eg snakkar om, eg vart våt til skinnet, men har fått på meg tørre klede no.

I dag vakna eg til vanleg tid, men bestemte meg for å ligge og slappe av ei stund sidan eg ikkje hadde så mykje på programmet i dag. Men eg måtte handle litt til helga, det var det einaste. Einar ville komme på besøk i dag, så då skulle eg lage middag til to. Det vart ikkje så spennande mat , men kjøttkaker i god saus med godt tilbehør- det likar både Einar og eg. Så eg fann ikkje på noko meir spennande i dag heller-

Eg reiste ned på butikken og hadde sjølvsagt lagt att hugselista heime, men eg hugsa alt utan ein ting.

Det er kjekt å lage mat til fleire og alt var klart då Einar kom, presis på minuttet, som vanleg. Vi åt godt begge to og så hadde mykje å prate om mens vi åt is og drakk kaffi.

Etter at Einar hadde fare og eg hadde rydda opp litt, tok eg ein tur på Vernet. Det regna, men eg trudde ikkje det vart så mykje, så eg hadde ikkje regnjakke på meg men gjekk i vanleg jakke. Det regna meir og meir og eg vart våtare og våtare. Eg prøvde å gå litt fort, men vart likevel gjennomvåt, så det første eg gjorde då eg kom heim att var å ta på meg gode varme, tørre klede. Eg er ikkje heilt bra av forkjølinga enno, men eg plar no vere passeleg hardbalen til å tole ei bløyte. Det var i alle fall godt å komme seg ut litt i dag også. 

Då eg gjekk utover gata ringde kyrkjeklokkene pinsehelga inn. Då kom eg til å tenkje på ei anna pinseaftan for mange år sidan. Den dagen gjekk eg tur åleine i skogen og sat på ei tue og høyrde klokkene-og eg hugsa kva eg tenkte-den gongen.

I kveld blir det vel strikketøy og TV-som vanleg. Marit er bortreist, så eg passar katten hennar og gir den mat. Ho kjem når eg ropar på henne. Men ho vil aldri komme inn, berre opp på trappa.

Det er i alle fall friskt og grønt i skog og mark, og på Vernet er det eit utal av vekstar av alle slag, det blir meir å sjå etter kvart.


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...