fredag, mai 26, 2023

Dagbok 2023: 26.mai


 Klokka er no 20.23 og temperaturen ute er + 10 grader . Det har nyss vore ei regnbyge, så no er det vått ute. I dag tidleg vakna eg opp til sol og klår himmel, men det varte ikkje dagen ut.

På føremiddagen i dag tok eg fredagsvasken, og etter middag vart det hagearbeid. Eg gjekk ut og skulle har kugjødselkompost på beddet ved garasjen, men det var for gjort, så eg sette i gang eit anna prosjekt, nemleg å rydde beddet mot Urke-garasjen. Der veks det mykje som eg ikkje vil ha der, til dømes ramsløk. Men i nedste enden har eg hatt  ei buske, eg hugsar ikkje namnet, men den plar ha lyslilla blomster. Greitt nok, men når skvallerkålen blandar seg inn meir enn normalt, må eg gjere noko drastisk, og det gjorde eg i dag. Eg klipte heilt ned buska+ skvallerkålen og skal prøve å få orden på det. Det blir ikkje enkelt for eg har prøvd det samme før- utan å lykkast.

Eg gjekk inn og skulle hente telefonen og ta bilde, og der var det melding frå Solveig om at ho ville komme innom ein tur. Det var veldig kjekt å få besøk, for no har eg vore lenge åleine. Eg hadde ikkje mykje å by på, for eg har ikkje handla inn til helga enno. Det skal eg gjere i morgon. 

Eg passar katten til Marit i helga - og ho(katten) kjem med det samme eg ropar på henne. Ho får mat ute på trappa mi, for ho vil ikkje komme inn.

De ser sikkert ein grøn plaststol på bildet, den er der for at eg kan sette meg ned litt når ryggen min ikkje er heilt god. Eg likar hagearbeidet, og i dag er eg nøgd med plenen som eg gjødsla i går. Det vart rikeleg med vatning.

Og no er det fredagskveld og langhelg. Eg vil ønske alle ei GOD pinse!

              Her har eg tenkt å plante noko. Kanskje ein rhododendron ?

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...