torsdag, mai 25, 2023

Dagbok 2023: 25.mai



Mange store tre stenger for fjord-utsikta vår

Klokka er no16.33, temperaturen ute er+ 9 grader og det regnar meir og mindre heile tida. Eg har ikkje greidd å komme meg ut enno, og det spørs om det blir noko av. Eg skulle hatt utover kugjødselkomposten, men det har ikkje blitt til denne tid. Eg tenkte å gå ein tur på Vernet, men heller ikkje det har det blitt noko av.Enno.

I dag var det 14 dagar sidan eg sjukmelde meg, så i dag ville eg prøve å gå på trening igjen. Eg er ikkje heilt fri verken hosten eller snufsen, men eg kjenner meg ikkje direkte sjuk, det har eg ikkje gjort før heller. No er det andre også som har fått same sykja-men det er ikkje eg som har smitta dei. Bodil for eksempel har eg no ikkje vore i nærleiken av. Det har vore litt av ei "sykje", men eg har i grunnen ikkje vore sjuk-berre forkjøla. Veldig forkjøla.

Det gjekk greit på treninga i dag, det var eg som køyrde til og frå. Etterpå var vi ein tur på ALTI, og så handla vi på KIWI på heimvegen. Då eg kom heim att laga eg ein slags middag og åt godt. Den sykja som kan ta frå meg appetitten-den finst ikkje. Eg sette meg inn og såg nyheilter men det var ikkje så varmt i stova, så eg gjekk ned i tilbygget og henta heimelaga ved. Så i dag har eg brent opp mykje av den veden som eg saga for ei stund sidan. Då får eg på ein måte rydda på same tid som eg varmar opp. 

Det vart både nok og for mykje vatn på kunstgjødselen som eg hadde ut i går, men eg håper at jorda tok imot. Gjødselen var i alle fall ikkje synleg i dag.

Det var snø langt nedetter fjellsidene i dag tidleg, og det no når vi endeleg hadde fått vår.

Ja, det hjelper vel ikkje å sitte å ergre seg over vêret, enten får eg gjere noko inne eller så får eg gå ut . Tida vil vise kva eg landar på. Og i morgon er det fredag igjen, og så kjem pinsa,eg har hatt flagget ståande på stova heilt sidan 1. mai, men etter pinse blir det lenge før flagget skal opp igjen.

P S: Det vart ingen tur i dag. Eg valde å støvsuge teppegolva.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...