onsdag, mai 24, 2023

Dagbok 2023: 24.mai

Eg ønska meg litt regn, for det var tørt i jorda, og gjødselen treng også væte. Men det kom meir enn nok regn, og kaldt vart det også

Klokka er no16.47, temperaturen er + 11 grader C og det regnar rett som det er. Eg får opp ver og temperatur nedst på PC-en min, Som regel stemmer det med veret slik det er og blir. Men i dag kom det melding om snøbyger, då stussa eg litt. Men meldinga vart fort vekk.

I dag morgon var eg effektiv. Eg hadde fylt bilen med hageavfall i går kveld, så i dag var det berre å ta av. Eg sjekka at der var ope på VØR klokka 9, så eg køyrde dit så snart eg var klar. Eg hadde 6 store, svarte sekkar, men alle var ikkje like fulle. Det gjekk greitt å kvitte seg med avfallet, og så tenkte eg at eg kunne køyre bort på Plantasjen og få ein sekk med kugjødselkompost til beddet ved garasjen.

Då eg kom bort på Plantasjen var der ikkje ein einaste bil, og då eg skulle gå inn var døra låst. Eg forstod ingen ting før eg las på eit oppslag, der stod det at dei opna klokka10. Eg vart litt paff då eg såg at klokka mi berre var  kvart på 10. Eg plar ikkje vere ute så tidleg på morgonen. Men eg brukte tida til opninga godt, for då fekk eg handle på Coop og der har dei silda "mi".

Eg er alltid litt forsiktig med å kjøpe store sekkar med ditt og datt, og ho som stod i kassa var åleine, for ho som skulle vere der i lag med henne ,var ikkje komen. Men sekken med gjødsel var så lett at eg bar den under arma. Eg kjøpte ikkje noko meir i dag , for eg har ikkje oversikt over kva eg treng.

Då eg kom heim var veret slik at eg kunne ha ut gjødsel, så då strødde eg "risengryn" over plenane mot gata og rundt huset. Skråninga får ikkje gjøsel i år, for eg kjøpte berre to sekkar. 744kr kosta dei. Det begynte å regne litt og det er bra for gjødselen -berre det ikkje blir for mykje. Beddet har ikkje fått komposten enno, for det vart så ufyseleg mykje regn ei stund.

Eg kosa meg inne med å lage til middag til meg sjølv. Det vart favoritten min i dag, krydder-spekesild med kålstuing, poteter og rødbetar til. Det er noko av det beste eg veit, så eg kjøpte heldigvis to pakkar med sild. 

Etter middagen har eg stort sett sete ved TV-en og sett på den store båten, mens eg har drukke kaffi og brus etc,etc.

Eg trur ikkje eg får gjort meir ute i dag og eg trur ikkje eg kjem til å gå på Vernet heller, for i morgon skal eg friskmelde meg sjølv og fare på trening. Heilt ferdig er eg vel ikkje med forkjølinga, men i morgon er det 2 veker sidan eg vart "sjuk". Det har vore ei seig forkjøling, og heilt bra er eg vel ikkje, men bra nok til å gå på trening, trur eg. Eg håper eg ikkje smittar andre.

Epletreet står i sin finaste blomstring, berre synd at ikkje sola skin.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...