søndag, april 09, 2023

Dagbok 2023: 9.april

 

Klokka er no 18.05,temperaturen ute er +11 grader C, sola skin, men det er meldt regn i morgon.Eg får ikkje sette inn bilde på dette innlegget for eg får ikkje bilda frå telefonen inn på PC-en i dag.

I dag morgon fekk eg sjokk då eg kom ut på kjøkkenet og såg at klokka var nesten 10-eg som plar vakne lenge før eg skal stå opp, hadde forsove meg. Dermed vart det ein kort føremidag. Eg såg gudstenesta på TV mens eg strikka, og så gjekk eg tur på Vernet. Der var ein god del folk der oppe i dag,  ikkje nokn eg kjende, men eg vart no kjend med ein trønder med hund som ville prate. Berre hyggelig det. Då eg kom heim att laga eg middag, kokte poteter og steikte ørret. Det har blitt ein tradisjon å ha steikt ørret eller laks på sundagar, men litt rømme og opptinte frosne grønnsaker er det eit herremåltid.

Marit kom ned og prata ei stund, men så måtte ho oppatt for Janne har bursdag i dag og dei venta gjestar. Eg tok ei stund til å sjå etter potteplantane mine, gi dei vatn og ta bort visne blad m.m. Eg har hatt open dør ut til altanen, men no har eg lete att og tek vare på vamen. Det har vore nydeleg ver denne påska, og i morgon er vel dei fleste på veg heim når regnet kjem. Eg synest tida har gått fort, men det gjer den støtt. Men eg har oppdaga at klokka mi går for seint, så eg må vel snart ein tur til urmakaren, han er veldig hyggelig-far til eitt av (skule)-barna mine.

Eg har mykje som skal gjerast her heime,  både inne og ute, så eg håper eg kjem i gang først best. No er klokka snart halv sju, og denne dagen har vore kort.

I dag minnest vi 9.april 1940, då var eg nyfødt-men født før krigen i alle fall.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...