mandag, april 10, 2023

Dagbok 2023: 10.april



 


Klokka er no 18.38, temperature n ute er + 10 grader C, det er overskya, men det har ikkje regna noko særleg i dag. Eg var no ikkje ute for ei dør, før eg gjekk tur på Vernet for ein time sidan.

I dag har det vore ein veldig roleg dag. Eg sov lenge i dag også, så føremidagen vart kort. Eg kokte ein stor porsjon risgraut for å få bruk opp noko av melka eg hadde kjøpt til påske. Eg vurderte å ta bort påskepynten , men eg syntest det var ein dag for tidleg. Men eg tilllet meg å støvsuge teppegolva. Elles har eg gjort litt anna husarbeid og så har eg strikka og sett TV. Det var heilt greit med ein roleg dag. det er no slik eg er vand å ha det. 

Men i morgon er det trening igjen, så då må eg ha vekkerklokka på. Akkurat no er armbandsuret mitt heilt i orden og viser rett tid. Men den har ikkje vore påliteleg i det siste.

Eg driv og plantar avleggerar av geraniane mine, så her på datarommet mitt er det reine gartneriet. Det ser ut som eg får mange fine plantar, men dei har fått litt for mykje sol i det siste.

Her er ein av avleggerane, eg har både rosa og raude, viss dei utviklar seg som dei skal.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...