lørdag, april 01, 2023

Dagbok 2023: 1.april

 

Klokka er no17.00, temperaturen ute er  +10 grader og det er sol og klar himmel- betre kan det ikkje bli.
Eg var nettopp ned om huset og tok bilde av krokusen som blomstrar i bedet nedanfor tilbygget. Eg rydda der fint sist haust, så no kjem krokusen til sin rett. Men det er noko rart med krokus, der er alltid få gule blomster, her såg eg berre ein. Ingen blomster blir så mykje sett pris på som dei første som kjem om våren.
Dei blå russesternene mine står under ein meter med snø, trur eg- Eg har mange påskeliljer som eg har fått i krukker og planta ut i bedda etter blomstring. Viss alle kjem att blir det fint. Eg var fram på gravplassen ein dag, men der var så mykje snø at det gjekk ikkje an å plante der noko-
I dag stod eg opp i 8 -tida og tok meg frokost. 
Eg vart sittande ei stund å strikke før eg gjorde meg klar for ein tur på ALTI.
Der møtte eg ein hareidsdøl som eg kjenner. Det var han som fiksa taket på huset her.
Eg handla litt på Europris, og så kjørte eg opp på SPAR og handla litt matvarer. Må ha litt å by på om det skulle komme nokon. Barnebarna kjem no heim i påska-dei fleste av dei.
Då eg kom heim att gjekk eg ein tur opp på Vernet, men det vart berre ein halv runde, for der var enno mykje is og snø på stiane. Eg tok ein runde på vegane i staden, på tørr asfalt.
I dag fall eg for freistinga til å lage meg god middag, det gjer er ikkje kvar dag. I dag vart det spekesild/kryddersild men poteter, kålstuing etc. Eg åt altfor mykje, så eg måtte sette meg inn i godstolen og halvsove ei stund før eg kom meg på beina att. Der sat eg ved kjøkkenbordet med ein kaffikopp, og sudokuen som eg begynte på torsdag kveld låg framføre meg. Eg hadde nesten gitt den opp- men så såg eg plutseleg kva eg kunne gjere, og eg løyste gåta på nokre få minutt.
Ergo er eg ikkje heilt hjelpelaus enno.
Eg håper vi får fint ver i heie påska, eg hugsar ei påske for nokre år sidan, då var Margrete og eg og barna til Margrete med Bodil og Svein på tur til Innvik og Breim
då var det veldig fint ver og ein tur eg vil hugse lenge. Eg er ikkje så ofte ute på turar lenger. Då vi enno var rimeleg i form, Nils og eg, var vi ofte på tur, ikkje alltid så lange turar-men det var kjekt å komme seg litt vekk og oppleve noko. Ofte gjekk turen til Grodås eller Stryn, eller til Flø og til Fosnavågen. Eg saknar dei turane. Åleine køyrer eg ikkje så langt.
No håper eg på fint ver i heile påska -det er godt og varmt i huset  når sola skin-vi slepp å fryse og fyre. 
                                              Fonnvernet i dag.




                                                  Starevegen

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...