fredag, mars 31, 2023

Dagbok 2023: 31.mars

                                                  Akkurat no

Klokka er no19.00, temperaturen ute er+6 grader C og det er strålande vêr. Det har vore fint i heile dag, men det er ikkje så varmt at snøen smeltar.

Eg var som vanleg oppe relativt tidleg i dag og jobba litt i huset, først laga eg glasur til ei kake og hadde den på før kaka hamna i frysaren, så vaska eg opp for hand før eg shina kjøkkenet og tok fredagsvasken, litt meir grundig enn eg brukar og så sette eg på vaskemaskina.

Eg er plaga med ryggen når eg skal gjere noko, så det tek si tid. Eg sette meg ned for å strikke litt, men så kom eg på at eg ikkje hadde fått heilt til sudokuen i går kveld. Eg begynte på nytt i dag og kom akkurat så langt som i går. Eg gav meg til slutt og tok meg litt mat før eg kledde meg litt om og køyrde på butikken og handla litt. Eg hadde tenkt å fare til Vik, men ombestemte meg og handla på KIWI.

Tenkte å ta ein mosjonsrunde før eg kledde av meg ytterkleda, men så ringde det på døra, og der var Margrete og Amanda. 

Det var no veldig kjekt. Vi tok mosjonsrunden alle tre , etterpå åt vi is og drakk kaffi og prata masse, heilt til dei måtte fare. Veldig koseleg med besøk. Eg reknar med at eg får sjå fleire i løpet av påskeferien. 

Det er kjekt med besøk , men eg trivst åleine også- åleine med TV-en.

I dag vil eg ønske alle ei god helg og GOD PÅSKE




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 20. desember

 Klokka er no 19.30, temperaturen ute er 0 grader og det verken regnar eller snøar akkurat no. Sist natt kom det såpass mykje snø at det var...