torsdag, mars 30, 2023

Dagbok 2023: 30.mars


 Klokka er no 17.36, temperaturen er+ 5 grader C og det har stort sett vore overskya i dag, men ikkje nedbør. Snøen smeltar veldig sakte no når det er så kaldt om nettene-og når heller ikkje sola får skine så skjer det lite. Vegane er berre og tørre , så det er i alle fall bra.

Eg har nettopp vore ute og tatt ein liten mosjonsrunde, men eg gjekk ikkje opp på Vernet i dag. På bildet over kan de sjå Fonnvernet slik det ser ut nedanfrå, men oppå er der snø og is, det erfarte eg i går. I dag gjekk eg berre opp Storebakken og så diverse vegar heim att. Det er ikkje direkte spennande turar, men eg får no frisk luft og mosjon.

               Frå toppen av Storebakken er det fin utsikt mot fjella i sør-vest.



Og slik ser det  ut på tunet heime. Snøen tinar lite.

I dag var vi på trening , Marit og eg, men vi handla ikkje etterpå, så vi var tidleg heime att. Eg hadde ikkje planlagt kva eg skulle gjere i dag, men eg gjekk no her og smårydda og "pynta" litt. Men eg vart svolten så det vart ein tidleg middag i dag, Etterpå vaska eg opp litt for hand så alt var på stell. 

Eg gjekk inn og sette meg å strikke, men eg vart så trøtt at eg måtte legge strikketøyet frå meg. Etter kvart kvikna eg til og tenkte eg kunne lage ei kake, eg hadde sett ei oppskrift på nettet som eg kunne tenke meg å prøve, men hadde meir lyst å laga den "Tropisk aroma" som eg laga i fjor. Men så fann eg ikkje att rette oppskrifta. Dermed prøvde eg noko heilt nytt, så får vi sjå om det fell i smak-Eg er litt usikker på det.

Det vart i alle fall ein gedigen oppvask etterpå-den tok eg for hand-eg synest det er like greitt-somme tider.

No blir det vel å sitte framfor TV-en og strikke resten av ettermiddagen og kvelden

Vi har fått påskeferie no, neste veke blir det ikkje trening. Eg ønsker berre at vi kan få fint ver i påskeferien, slik at det kan vere kjekt å halde til ute.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...