torsdag, april 13, 2023

Dagbok 2023: 13.april


Klokka er no16.40, temperaturen ute er +17 grader C, det er delvis skya, men sola er også framme.

I dag vakna eg tidleg igjen, men greidde å ligge i ro til klokka 7. Marit køyrde til treninga i dag, og eg sat på, for eg hadde slått frå meg å fare til urmakaren i dag.

Etter at vi kom heimfrå treninga  gjekk eg tur på Vernet i det fine vêret, trefte to damer som eg prata med , eg kjende den eine litt, men ikkje den andre. Men dei kjende visst meg. Eg trur eg er litt "kjendis" for folk som går på pensjonistmøter. 

Då eg kom heim att laga eg meg god middag og dessert. Eg måtte ha ein pause etterpå. Etter kvart som eg kvikna til igjen, bestemte eg meg for å ta ein tur på KIWI. Det var veldig lurt for akkurat då kom alle som hadde vore på jobb og handla på heimvegen. Men det gjorde ikkje noko for alt går fort unna . 

Både i går og i dag har eg kosta singel og sand frå gata og ned på tunet, og så rakar eg der det er tendens til steinar og anna rot. Plenen ovafor i garasjen skulle sikkert vore oppattpløgd og sådd på nytt, men det blir ikkje mi oppgåve. Elles seier eg at eg kan ikkje begynne å rydde i hagen no, for der er krokus   overalt. Og andre løkblomster finn eg overalt også. Og i dag fann eg ein løvetann. Då eg gjekk opp trappa på Vernet såg eg hestehov som blomstra. 

Den blomsten(ugraset) hadde eg ikkje sett før eg kom til Ørsta. Den har eit artig namn på latin: "Tussilago Farfara" -det er lett å hugse.



                                                               Tussilago Farfara
                                               
I beddet ved Urke-garasjen har eg diverse løkar, og t.d. denne primulaen. Eg skal plante på nytt her, men eg har ikkje bestemt enno kva det skal vere. Vi tok vekk ei nokså stor kjeglegran der i fjor då Rasmus var her. Eg har tenkt på Rhododendron der også, der er to frå før litt lenger oppe, for dei treng ikkje så mykje stell. Hagen og plantane der er i grunnen nokså ryddige i år, fordi vi fekk nokre fine dagar om hausten  så eg fekk rydda opp. Klokka er no berre 17, så eg rekk å gjere litt ute i dag også- TRUR EG-

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...