torsdag, april 13, 2023

Dagbok 2023: 12.april


 Klokka er no17.08, sola skiin ute og det har vore ein nydeleg dag, litt skyer er der på himmelen, men ikkje så mykje at det hindrer sola.Eg hadde tenkt eg skulle jobbe ute i hagen i dag, men det var ingenting som hasta med, og så er det no krokus alle stader  og dei vil eg ikkje trakke på.

Sov ikkje så godt sist natt og vakna tidleg , men stod ikkje opp med det samme.Då eg hadde ete frokost kom eg på at det kanskje var Møre-Nytt i dag sidan det ikkje kom avis i går. Eg fann avisa i postkassa og heiv meg over sudokuen og løyste den lett. 

Eg såg at naboane i nr.5 var ute i hagen, så eg var bort og snakka med henne,Ho hadde vore ute og reist i påska så ho hadde no litt å berette.

Deretter fann eg ut at eg kunne ta ein tidleg tur på Vernet og det gjorde eg, trff eit par "venner" som eg kjende. Og dett var dett.

Då eg kom heim att sat Marit ute på benken og passa hunden, så eg gjekk opp til henne og prata til det var på tide å ete middag. Gjorde det lettvint i dag også, kan ikkje kjøpe i hop meir mat no, så eg et av lageret. Slappa av ei stund etterpå.

Dette vart ein dag då ingenting blei gjort, men i morgon blir det trening igjen, og så må eg vel til urmakaren med klokka mi. Av og til går ho-andre tider ikkje.No skin ikkje sola så mykje lenger, så då kan eg ta fram strykebrettet og få gjort litt til gagns, eg har forresten tatt vekk påskepynten i dag. 

I dag fyller systra til Nils 88 år, ho bur no på aldersheim på Byrknes. eg fann ikkje telefonnummeret hennar, men sende ei melding til Tone. Ho var på besøk hos mora, så ho kunne helse mora frå meg på direkten.

Mor til Nils hadde fødselsdag på samme dato, så ho fekk første barnet sitt på fødselsdagen sin. Mor til Nils var fødd i 1909, og døde  i 2020-91 år gammal-

Eg prøvde å hugse merkedagane til alle i slekta, men har gitt et opp for lengst når det gjeld dei unge-det er så mange etter kvart. Somme kan eg no følgje på FB, så litt orientert er eg.

Sat nettopp og las Møre-Nytt og ser der kva som skjer i bygda-det er ikkje så mykje eg tek del i lenger. Men slik er det berre.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...