tirsdag, mars 14, 2023

Dagbok 2023: 14.mars

Klokka er no16.10, temperaturen ute er 0 grader og no snøvar det igjen, etter at eg har vore ute og moka i ca.1time.Eg har moka mykje bortunder "ryggebuska" mi for eg må ha litt plass når eg skal rygge opp på vegen og der står ein stor bil på tunet.
Dette har vore ein litt rar dag, for eg hadde ikkje fått med meg at det ikkje var trening i dag. Eg hugsa ar det vart snakka om at vi skulle trene utan hjelp frå fysioterapeuten, men så hadde ho sendt melding på telefonen om at vi vart FRI i dag. Det er berre det at eg ikkje sjekkar telefonen så ofte,men Marit hadde fått det med seg. Sidan eg var påkledd og i orden tok eg ein tur på butikken. Ikkje ofte eg er der før klokka 10 om dagen.
Marit og eg avtalte at ho skulle komme ned til meg å drikke kaffi kl.13. Før den tid rakk eg å øve på spanskleksa, gjere ferdig sudokuen og strikke litt. Då Marit kom, drakk vi kaffi og åt gulrotkake-og PRATA.
Då Marit gjekk opp att moka eg snø, tenkte det kunne vere nok trim for i dag, men eg trur nok at eg må moke fleire gonger før eg skal på Spansken i morgon. Torsdag blir det heller ikkje trening. På Fonnvernet er det berre ei smal rås , så der vil eg ikkje gå. Risikerer ikkje å dette og bryte armar og bein.Eg fann ut at det er noko eg saknar, og det er vottar, for det har eg ikkje. I dag brukte eg dei store grøne, tova vottane som Nils brukte når han fiska.
No skal eg lage meg noko som liknar på middag, men som ikkje har så mange kaloriar i seg.
No lavar snøen ned-og det minner om jul.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...