onsdag, mars 15, 2023

Dagbok 2023: 15.mars


 Klokka er no17.00, det er overskya, opplett og + 5 grader. 

I dag har det vore litt av-veksling i gjeremåla mine. Det første eg gjorde etter frokost var å moke heile tunet med brettet, det tok ca. 1 time, så eg hadde god tid til å gjere meg klar for Spansken etterpå. 

Før eg gjekk ned på Bakk-Ola var eg innom legesenteret og bad dei om å fornye reseptane mine.Eg kan godt ringe ned å få det gjort, men då risikerer ein å bli sittande veldig lenge i telefonen. Vi var ikkje fulltallige på spanskkurset i dag, men vi hadde det kjekt likevel-

Då eg var ferdig med spansken, fann eg ut at eg ville kjøpe bensin på bilen. Bensinmålaren virkar ikkje før dei siste dropane, så eg plar ikkje vente på raudt lys. Det var tydeleg at det hadde minka på tanken, for eg fylte for over 500 kr og det har eg aldri gjort før. 

Neste stopp var ALTI, der parkerte eg bilen og gjekk opp i gata på Fasaden frisør, der eg bestilte time til komande tysdag klokka 12. Eg har bestilt klipp og permanent. Eg diskuterte saka med Ingeborg då ho var her- og ho var enig. 

Eg tok meg ein runde inne på ALTI utan å kjøpe noko, eg kunne ikkje kome på noko eg trong. Då eg kom heim att var det tid for middag og eg sette ei grautpanne på kok. Eg kokar som regel graut ein gong i veka.

No var eg nettopp ute og kika i postkassa, for eg føgjer ikkje med kva dagar det er post. Steig ned i dei store gummistøvlane mine-og datt!!! Men eg slo meg ikkje. Der var to vaksne karar innan rekkevidde, men dei slapp å reise meg opp.

Apropos dette, så har eg fått eit lite problem etter fallet på altanen, det er at tinnitusen min har auka veldig i styrke, men det kan no gi seg igjen, eg prøver å ikkje bry meg om det. 

I dag er eg litt sliten, men i morgon har vi fri. Ikkje trening då heller. Men neste veke er det vell full baluba igjen. Såg nettopp på TV at dei melde nedbør etc. på Trøndelag og Møre og Romsdal-akkurat denne delen av landet har jammen fått sitt.Akkurat no er det fint ute, det var det i dag morgon også, før smeltinga tok til.

                                                            

                                                   Akkurat no


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...