torsdag, mars 16, 2023

Dagbok 2023: 16. mars

Klokka er no17.00, temperaturen ute er +3 grader C. Det er overskya , men opplett-

Då eg stod opp i dag trudde eg vi skulle få ein nydeleg og varm solskinnsdag. Men der tok eg feil. Sola var framme berre i små stunder og det var kaldt både ute og inne. Eg hadde ikkje planlagt så mykje i dag, så eg var sittande ei god stund og strikke og sjå tV, før eg kom meg til med noko anna.

Det første eg skulle gjere var å rydde og koste litt på altanen, for eg har drive og mata små og litt større fuglar der, så der var rimeleg tilgrisa.Eg hadde ein gammal piasavakost og fekk vekk det verste.

Der var mykje snø på den ytste altanen, og eg ville prøve å ta vekk noko av den. Kvart år sidan eg vart åleine her, har eg moka altanen fleire gonger kvar vinter, men i år har det ikkje vorte liggande så mykje snø, så eg har ikkje moka. Eg tok eit par spadetak, men det gjekk ikkje. Ryggen protesterte. Eg forstod det ikkje til å begynne med, men så kom eg på at eg hadde moka heile tunet både tysdag og onsdag. Så no vonar eg snøen på altanen hav vit til å smelte.

PÅ denne fridagen fekk eg bytta på senga og støvsuga stova og gangane. Fredagsvasken sparer eg til i morgon.

Marit og eg gjekk ein liten tur ut og inn Starevegen. Ingen av oss hadde lyst og evne til å gå så mykje i dag. Eg laga meg spagettimiddag i dag- og så var det å strikke igjen. Eg skal strikke ferdig den lesten eg held på med no, så har eg to par ferdig denne veka. Solveig har utstyrt meg med garn, og då fell eg for freistinga:"TV+spøt".Det blir litt for mykje av begge delar .Dei lestane eg har strikka no er av tynt ullgarn , slik at ein kan bruke dei i vanlege sko.  Som sagt ørten gonger før, så går tida så altfor for-vekene er ikkje lange no-slik som dei var då ein var ung og berre venta på helg.

Dette er " ryggebuska " mi, den er god å ha når eg ryggar ut av garasjen. Ein gong var buska ein det av ei "sammenplanting" i ein bord-dekorasjon. Eg har ei liknande nede i hagen, og ei bittelita på trappa. Så kast ikkje desse små som ein kan få i samanplantingar, dei kan bli store og fine når åra går.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...