fredag, mars 17, 2023

Dagbok 2023: 17.mars


 Klokka er 18.00 om eit par minutt. Temperaturen ute er +4 grader og det er ikkje heilt fritt for nedbør. Eg har nettopp vore ute på ein liten luftetur, gjekk ikkje på Vernet i dag, men tok ein liten runde på gater og vegar. Sidan det er delvis is og snø på vegane gjekk eg i piggsko. Men eg var ikkje heilt pigg, for eg er låk i ryggen framleis. Men det er ikkje så gale at eg bryr meg så mykje om det. Når eg sit i ro er eg heilt bra. 

I dag har eg gått her heime åleine og stulla. Først festa eg trådar på eit par lestar og så rydda eg opp i garnet mitt, før eg sette i gang med fredagsvasken. Den er det ikkje så mykje i, og bra er det når ryggen trøblar. Elles har eg vaska ei maskin med klede som no er i trommelen, då blir det litt å stryke etterpå. Eg likar i grunnen å stryke. Til middag i dag vart det oppvarma graut og litt spekepølse ved sidan av. Eg har slik enorm appetitt at eg kan ikkje lage så mykje godt.

Eg tok meg på tak og jobba med spansken ei god stund, eg merkar godt at eg ikkje lærer så fort no, som då eg var ung. Men eg har ikkje anna mål med spansken, enn at eg får litt hjernetrim og så har vi det kjekt når vi "studerer" på Bakk-Ola. Komande onsdag skal vi først ha spansk og så blir det pensjonistmøte etterpå. Tysdag er det trening og frisør, så det blir travle dagar. Denne veka har vi nesten hatt ferie.

Margrete er i Tromsø på kurs. Eg er litt misunneleg på alle som får reise hit og dit. Så lenge Nils var frisk, for vi med bilen over nesten heile Norge og Sverige. Dei turane saknar eg. Vi var forresten til Tromsø også ein sommar, då der var 27 varmegrader. Eg såg Oluf på gata. Eldste sonen til Rasmus studerer i Tromsø, og eine barnebarnet til bror min er der også.

Kvar fredag trur eg det er laurdag, og på laurdag er det søndag-viss eg ikkje fer på butikk. Det kan hende eg må handle litt i morgon, men eg håper Marit kan vere med, for det er så kjedelig å fare åleine.

Så vil eg ønska alle ei god helg denne gongen også. Helgane kjem ofte no for tida.

                       Det blir litt moking skal eg komme meg ut i morgon.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...