lørdag, mars 18, 2023

Dagbok 2023:17.mars


                                               Bildet er tatt frå altanen ca. 16.30

Klokka er no 16.45, temperaturen ute eca +5 grader, og i dag har vi nydeleg vêr, sjølv om det ikkje er direkte varmt, så varmar sola og smeltar litt av snøen.

I ag var Marit og eg nedover på føremiddagen, vi hadde begge ærend på apoteket.Eg hadde fått fornya reseptane mine, så eg kjøpte litt av kvar sort i staden for å kjøpe etter kvart det er tomt.

Eg var innom SPAR og såg etter om dei hadde fått inn silda som eg er så glad i, og det hadde dei. Marit og eg handla på KIWI også, det er liksom nærbutikken vår. Sidan det var så vårleg og fint, kjøpte eg ein is  på vona det skulle kome nokon, eg har ikkje kjøpt is i vinter.

Då eg kom heim laga eg meg verdens beste middag, krydra spekesild med poteter, kålstuing, tyttebær og raudbetar.Eg åt altfor mykje og heldt på å sovne etterpå. Men så greidde eg å komme meg på føter igjen og gå ein liten tur. 

I dag gjekk eg ikkje med piggsko og ikkje på Vernet. Då eg var komen så langt at eg skulle til å svinge ut Starevegen, såg  eg at der var noko som skjedde i krysset mellom Olavsgata og Vallabøvegen, der var både ambulanse og andre. Eg sjekka Møre-Nytt då eg kom heim og der stod det at det var ei bilulykke, men personane var ikkje skada.

Fekk melding frå Solveig om at ho ville kome ein tur innover kl.18. Ho ville berre ha kaffi og is, så då var det no flaks at eg hadde kjøpt is i dag-.

Før vi for nedover på føremiddagen hadde eg sjølvsagt hatt ei stund med strikketøy og TV. Dette har vore ei litt lat veke, men neste veke blir det meir fart; på tysdag skal eg på trening og til frisør, onsdag er det trening f.m. og pensjonist- møte kl.16.og trening igjen på torsdag. No ser eg fram til å få besøk-.

 
              Det er mykje snø som skal tine før det vert skikkeleg vår.
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...