søndag, mars 19, 2023

Dagbok 2023: 19.mars


 Klokka er no 17.40, det er overskya og +3 grader C. Snøen smeltar, men det går ikkje fort. Vi treng meir sol og varme. No har eg nettopp gått ein liten tur på ca.ein halv time. Eg gjekk opp Storebakken, der står mange bilar parkert i vegkanten, dei fleste av merket Toyota. I dag kunne ein gå trygt uten piggar.

Dette har vore ein kort og litt underleg dag. I går kveld vart klokka over 2 før eg la meg, likevel vakna eg grytidleg i dag. Då var eg bestemt og bestemte meg for å sove utover morgonen.Og faktisk gjorde eg det. Føremiddagen gjekk elles med til å sjå TV og strikke, og så strauk eg litt klede. Eg åt så mykje middag i går, at i dag vart det berre dessert og kaffi. Marit kom ned og drakk kaffi med meg, is hadde eg også, det er snart den årstida då ein må ha det i hus. Marit og eg er glade for at vi har kvarandre og bur så nær-når vi elles er einslege.

I morgom er det heimedag, så då må eg få gort noko fornuftig. Eg lengtar etter berre markar og hagearbeid.

I dag 19. mars minnest eg farmora mi som hadde fødselsdag på den datoen. Ho vart 91 år.

Eg ser fram til å få raudfarge på den nye veggen på huset. Men først må det bli tørt.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...