mandag, mars 20, 2023

Dagbok 2023: 20.mars


 Klokka er no17.06, temperaturen ute er +7 grader C, og det er no bra, berre det ikkje frys på om natta. Det er mykje snø og is som må smelte før det blir vår, men asfaltvegane og gatene er no berre og tørre no. Eg kom nettopp inn frå ein liten tur, eg tok nokre bilde, men eg får ikkje ført dei over frå telefonen til datamaskina. Bildet over har eg lagt ut på FB før i dag.

I dag tidleg var eg spent på om det var varmt vatn i springen, og det var der. Heldigvis ! Det er så mykje eg skulle ha gjport, men ikkje alt kan eg gjere enno. Skulle ha vaska vindua både her og der, men då må eg ha hageslangen og skylle med-i alle fall på stova og kjøkkenet. Hageslangen ligg og frys under eit tjukt lag med snø-det spørs kva tid den er opptint. Eg har mykje anna på vent også, så eg veit knapt kvar eg skal starte.

I dag fann eg ut at eg i det minste kunne lage plommesylte, eg har enno att plommer frå 2021, då hadde eg mykje plommer på trea, som eg plukka og fraus før eg klipte trea. Så i fjor hadde eg ikkje ei einaste plomme, anna enn i fryserane, der blir det visst aldri tomt. Bra då at eg likar plommesylte og et mykje av den, I dag sylta eg 5 kilo, det er ganske mykje plommer. Eg kunne ha sylta enda meir , men eg hadde ikkje JAM til meir. Eg brukar grøn JAM etter tips frå Solveig- No har eg no pålegg ei god stund-.

Marit ville gå tur i dag, og eg ville gjerne vere med. Så det vart ein runde ut Starevegen og inn att Olavsgata. Både Marit og eg er glade for at vi har kvarandre- og at vi bur så nær. Vi har budd nær før også, då vi gjekk på gymnas, då budde eg i Ålfotehuset og ho med Sørum. Det var første året, andre året budde ho i Alleen, der besteforeldra mine budde. Men vi var ikkje venninner den gongen.

I dag laga eg pannekaker med bacon og blåbærsylte til middag. Etter tips frå Solveig laga eg ei tynn røre med mykje egg og lite mjøl. Det vart heilt perfekt. Men det er vanskeleg å lage små nok rører til ein person, så det vart litt att som eg må ta til kvelds.

Med det samme eg har ete blir eg så trøtt. Eg sette meg inn og strikka litt og høyrde/såg nyheiter på TV. Trur eg sovna ein augneblink. Men så kledde eg på meg og gjekk ein runde på Vallabøen, eg går ikkje på Vernet så lenge der er så mykje snø.

Eg gler meg ikkje til i morgon, eg er nesten litt redd, for då skal eg til frisør, etter at eg har vore på trening. Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere hos frisøren, men eg har bestilt permanent. Det har eg nesten ikkje vore borti før, men mesteparten av livet mitt har eg hatt meir og mindre "sjølkrulla" hår. Det har eg ikkje lenger. Eg veit ikkje kva det blir til i morgon, men det blir i alle fall dyrt.

Som de kanskje ser på bildet over, har eg spanskboka liggande -og utstyr til å løyse sudokuane som kjem i Møre-Nytt. Eg hentar dei ut kvelden før vi får avisa. Den som kjem i tysdags- avisa, brukar å vere lett. Den som er i fredagsavisa er litt verre. Men hittil har eg løyst alle.

No skal eg jobbe litt med spansken før eg tek strikketøyet igjen.



                                        Slik var det her i dag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...