tirsdag, mars 21, 2023

Dagbok 2023: 21.mars

                                    Snøen smeltar litt om senn.
 

Klokka er no 17.30. Temperaturen ute er +6 grader, det er overskya men opplett.

I dag var vi på trening som vanleg frå 10-11. Så var eg ein tur heimom og bytte klede før eg for til frisøren. Der vart eg sittande i tre timar. Eg hadde bestilt permanent, men eg forstod snart at det var noko anna no enn i min ungdom og barndom. Eg tok permanennt då eg var 9 år, og dei krøllane hadde eg til eg vart gammal. No var det ikkje elektriske hårullar men diverse kjemiske greier. Det tok si tid, ca3 timar, men då klipte ho litt også. Ja eg kan ikkje forklare alt. Det vart ikkje slik som eg hadde tenkt, ikkje krøllar - men volunm. Men viss eg vil ha krøllar kan eg sikkert få det om eg set hår-rullar i. Ho som behandla meg har gått i klasse med Rasmus, så ho spurde no etter både han og jentene,. Systra hennar er ein av naboane våre. Eg er litt spent på korleis det går når eg skal til å stelle håret mitt sjølv. Det kan bli spennande.

Eg hadde parkert bilen nede ved ALTI, det gjer eg når eg har ærend i Vik, for der er alltid plass og det er lett å parkere og ta laust der. Eg stakk innom Bunnpris ein tur og kjøpte litt mat før eg køyrde heim-

Før eg for i dag tidleg festa eg trådar på eit par lestar som eg hadde strikke av garnet eg fekk av Margrete. Det blir vel ikkje så mykje gjort i dag, men eg må no sjå litt på spansk-leksa, for i morgon er det både spansk og pensjonistmøte. Travle dagar!!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...