onsdag, mars 22, 2023

Dagbok 2023: 22.mars

 


Denne unge dama fyller 30 år i morgon. Bildet tok eg på Vernet den 21. februar

Klokka er no18.45, temperaturen ute er +5 grader, det ser ut til å klarne opp, men hittil har det regna litt innimellom.

Eg har ikkje vore mykje heime i dag, mest har eg vore på Bakk-Ola.

Eg heldt meg heime til klokka nærma seg 11, då møtte eg opp på spansk-kurset, det var den nest siste gongen for våren.

Eg kom heimatt etter eit par timar, då strikka eg litt og laga meg  mat og surra rundt ei stund- til det var tida til å køyre ned att, denne gongen på Pensjonistmøte.

Det vart eit livat møte, fullt hus og vel så det, mange eg ikkje kjende, men blei kjend med i dag. Ja, ikkje alle, sjølvsagt.

Først hadde vi orientering eller kva eg skal kalle det, det var ei av damene på SYNSPUNKT som orienterte om sjukdommar og plager med augene, noko som er veldig relevant for eldre folk. Ho var flink! Ho har tatt master på augesjukdommar -i tillegg til skulen i Kongsberg. Vi fekk kaffi, skuffekake og rundstykke i matpausen Etter at vi hadde ete kom toradar-spelemenn og kvinne frå Volda, og Eli tok seg heilt ut i å vere forsangar og dansar, når vi song frå dei nye songbøkene. Alle vart i veldig godt humør etter kvart.

Eli fortalde også om den planlagde tureni juni. Den går til Molde og til  Sundalsøra.

Ho fortalde også om turen til Kristiansund der ho og ei anna dame møtte opp og høyrde på Jan Davidsen.

Eg er enno ikkje fornøgd med håret mitt, men eg såg dei som var verre.   Så det var no ei trøst. Dette "referatet" vart  litt hulter til bulter, men det skal ikkje i avisa.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...