fredag, mars 10, 2023

Dagbok 2023: 10.mars


 Klokka er no 16.30, temperaturen ute er så vidt under 0 grader og det snør og snør. Eg var i grunnen fornøgd med vinteren slik den hadde vore når vi kom til vårmånaden MARS. Men då kjem den skikkelege vinteren med snø og kulde. Ja, kulden varte ikkje så lenge, men snøen kjem og kjem. Og han er ikkje velkomen -her hos meg i alle fall, men det er lite eg kan gjere med det.

Fekk melding frå Einar i går om at han ville komme innover i dag for han hadde ei avspasering. Eg tenkte eg skulle ta ein runde på butikken i dag morgon for å kjøpe noko godt til middag, men då eg såg all snøen som måtte mokast vekk, bestemte eg meg for at vi kunne ha dei tradisjonelle kjøttkakene som eg hadde i frysaren.

Dermed bruna eg saus og skrella poteter og gulrot, før eg tok fredagsvasken på kjøkken og bad. Då alt var i orden greidde eg å fullføre sudokuen som eg begynte på i går kveld. Eg rakk også å øve litt på "Afrika" før Einar kom. Han var vel nøgd med traktementet; og til dessert attåt kaffien, gjorde vi ende på "gulkaka" frå jul.

Det er alltid kjekt å få besøk av Einar og vi har alltid mykje å snakke om. Han hadde parkert bilen slik at han lett kom seg opp på vegen, etter å ha moka snøen vekk med langkost. Der han bur på Hareid har han garasje i "kjellaren" og det er no veldig bra slika dagar. 

Her har vore mange fuglar og ete av det eg har gitt dei på altanen. Naboen er flinkare å mate dei kontinuerleg så han har fleire gjestar. No skal eg kose meg i ei varm stove med strikketøy på hand og serie på TV.

Eg ønsker alle ei god helg, med eller utan snø.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...