lørdag, mars 11, 2023

Dagbok 2023: 11.mars


 Klokka er no18.25, temperaturen ute er minus 3 grader. Det har kome mykje ny snø , men den kom tidleg på dag. Men overskya har det vore. Det hadde gjort seg med litt sol mellom snøbyene.

Då eg stod opp i dag, hadde naboen allereie vore her og fresa. Og det var eg glad for, sidan eg hadde tenkt meg på butikk. Men så sette det i å legge ned kvitt igjen i store mengder. Etter at eg hadde ete frokost etc. kledde eg på meg for å gå ut og moke. Trappa var nedsnødd, så eg måtte grave fram trinna med spade. Mokebrettet var nedesnødd og nedisa så eg måtte til med varmevatn for å få det brukbart. Eg moka og moka mens det snødde og snødde.  Til slutt orka eg ikkje å halde på lenger. Eg trur eg må ta inn mokebrettet om natta viss eg skal moke meir. Eg håper at vinteren kan vere slutt no snart. Men i går minte Einar meg å at det var snø på 17.mai i året 2021. Ein er aldri heilt trygg. Eg slo frå meg å fare på butikk, for det var ikkje heilt naudsynt.

Marit og eg "pratar" ofte på Messenger og det gjorde vi i dag også. Brått fekk eg melding frå henne der ho spurde om eg ville vere med på basar i morgon, på Haddal. Eg forstod ikkje heilt at ho skulle dit, men så tenkte eg art kanskje nokon i familien hadde noko å gjere der. Men eg svarte ikkje verken ja eller nei. Eg fekk svar tlbake, og då viste det seg at det var Margrete som skulle på basar; sidan eg prata med Marit trudde eg det var ho, men ein kan brått oppdage at ein pratar med fleire på ein gong.

Eg var svolten etter mokinga så eg venta ikkje lenge med å ta meg middag, eg hadde att mat frå i går, så det gjekk fort. Sidan har eg stort sett strikka og sett TV. Felte nettopp av ein lest. Eg er litt sint på meg sjølv for at eg ikkje fekk meir ut av denne dagen, men eg har vore i søndags-modus heile tida.

Eg vaskar ikkje opp så ofte i maskina når eg er her åleine. Det var noko som var litt rart. Etter kvar vask låg det akkurat som sandkorn eller smular i botnen på maskina, eg forstod ikkje kva det var, men sette i alle fall på eit renseprogram utan at det hjelpte. 

Men så fekk eg ein lys idé; eg kjøpte ein annan sort vaske-tablettar og prøvde dei, og då var alt i orden. Det er ikkje farleg å bruke dei eg har frå før heller, no når eg veit kva det var.

No håper eg berre på at det kan bli ein slutt på denne snøen, og at sola får kome fram og varme oss.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...