tirsdag, mars 07, 2023

Dagbok 2023: 7.mars

Klokka er no 16.46, temperaturen på trappa er 0 grader, men sola skin frå nesten skyfri himmel, så inne er det varmt, enda eg har slått av all varme. Det er nydeleg ver, men vi skulle ha hatt det slik for ein månad sidan.

I dag vart eg letta då eg såg at det ikkje hadde kome snø om natta, så slapp eg å moke før eg skulle på trening. Marit valde å vere heime i dag med den låke foten, så eg for åleine. Etter treninga køyrde eg beine vegen heim, og då spurde Marit om eg ville vere med å gå tur, og det ville eg no. I dag gjekk det betre enn i går, vi gjekk ut Starevegen og ned på Olavsgata, og heim, så det vart ein runde. Marit har rullator og det er god hjelp til å halde seg oppreist i ryggen, skulle sikkert hatt eg også, men eg synest eg er litt for frisk til det.

Eg var svolten som ein ulv i dag, og hadde ikkje tenkt ut noko til middag, så eg kokte graut. Det var ikkje noko som eg var så glad i før, men no kokar eg graut nesten kvar veke, då blir eg i alle fall mett. Veldig mett! Så eg sette meg inn i godstolen ei stund og sløva, mens eg tenkte på om eg skulle gå ein tur på Vernet eller på vegane. Eg tok i alle fall på meg piggskorne igjen- og gjekk. Det såg ut som om det gjekk and å gå på Vernet, så då gjorde eg det. Det vart inga lett runde, for der var berre ei trakka rås, så eg måtte passe godt på kvar eg sette foten ned, men det gjekk heilt fint. Det var litt utfordrande, men eg tenkte som så at då går der med fleire kaloriar og det er bra.             

No må eg til å lese litt spansk slik at eg er aldri så lite budd på morgondagen. Å lese og forstå, det er ikkje vanskeleg, men så er det grammatikken-den er vanskeleg på nesten alle språk.

I morgon kan vi no feire kvinnedagen når vi er på Bakk-Ola. Eg skal sjå om eg kan lage ei helsing -på spansk. Eg har Google translate.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...