onsdag, mars 08, 2023

Dagbok 2023: 8.mars

                                                      Akkurat no.                  

Klokka er no16.30, temperaturen ute er 0 grader, det er lettskya med litt sol av og til. Det er nokså fint no, men det har vore snøbyer før i dag.

Eg vaknar som regel veldig tidleg om morgonane men stod ikkje opp før i halv 8- tida i dag. Eg hadde tenkt å jobbe litt med spansken, for det vart ikkje mykje pugging i går kveld. Men eg åt no frokost først. Så såg eg at det hadde snødd ein god del i natt, så klokka 8 gjekk eg ut og moka heile tunet, sånn nokonlunde. Eg rygga ut bilen for å teste om det gjekk greitt og det gjorde det.

Så var eg inn att og las spansk før det var tid for å kle  seg om. Eg såg at det snødde litt igjen, så eg rekna med at eg måtte moke litt igjen-og det gjorde eg. 

Klokka 10.30 skulle eg fare nedover, rekna meg litt god tid og det var bra, for rett som det var, då eg skulle få bilen opp på vegen-kom plogen og la att ei god stripe med tung snø. Men eg greidde å komme meg opp på vegen når eg hadde brukt mokebrettet litt, så eg kom ikkje for seint til "Spansken". I dag var det Terje som underviste for Eli var i Kristiansund, i oppdrag for pensjonistlaget. Det var kjekt å vere elevar i dag også.

Handla litt på KIWI på heimvegen, og då eg var heime att vart det å få på plass dei tomme bossdunkane, før eg gjekk opp til Marit, som avtalt. Der oppe drakk vi kaffi og åt snop, så eg følte at eg måtte lage meg litt grønnsaksalat til middag i dag. No er det litt skya igjen, så eg trur det kjem ei bye snart, så blir det å moke igjen, for i morgon er det trening, og det er ikkje sikkert at Marit kan køyre.

No har vi det slik som det var i fjor vinter med snømoking og kulde, og vi som trudde at det var våren som skulle komme no. Eg tekjer litt på alle krokusane som står nede i eit bed, eg trur ikkje der vart kome blomster, og det er no bra,for blomsten likar ikkje snøen, blada toler den.

No skal eg slappe av litt med strikketøy og TV før eg går ut og mokar.

I går varma sola så godt opp i stova at eg slapp å legge i omnen, eg hadde berre på varmepumpa.


                                      Ein av dei finaste i huset.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...