søndag, mars 12, 2023

Dagbok 2023: 12.mars


                                                               Klokka 9.30 i dag

Klokka er no 19.30, det er minus 2 grader og skya ute. I dag morgon kom sola og skein ei god stund utover dagen, eg kan ikkje seie akkurat kor lenge vi hadde den, for eg var ikkje heime heile tida.

På føremiddagen i dag såg eg TV, strikka og jobba med Afrikakartet. Eg slapp å moke tunet, for Helge hadde fresa i dag også, men eg spada litt på trappa. Eg laga middag til klokka 13-14 -laks i dag igjen. Så var det å dusje og vaske håret før Margrete skulle komme i 15-16 tida. Og det gjorde ho. Vi køyrde til Haddal der Erlend var med kjæresten Ingrid. Det skulle vere konsert med utlodding på skule-/grendahuset. Dei som skulle spele var korpsa frå Folkestad og Haddal. Erlend spelar med Folkestad og Ingrid på Haddal i lag med fleire i familien, trur det var både far,mor og bror som var med-men skal ikkje seie det sikkert. Der var store langbord, og familen til Ingrid, med foreldre og besteforeldre m.fl fylte nesten eit heilt bord. Vi fekk servert kaffi, og så kjøpte vi oss kaker til. Margrete filma når dei spelte, så det kan hende vi får sjå både Folkestadkorpset og Haddal-korpset på FB.

Margrete køyrde meg heim att, og så fór ho med det samme for å rekke ei ferje.

Det var kjekt å få vere med på noko nytt, og sjå korleis ting fungerer på små bygder. Heilt utruleg at dei kan stille med eigne korps.

Vi kjøpte litt lodd og vann både sjokolade og karamellar. takk til Margrete for skyss og godt selskap.

I morgon må eg sjå til å få gjort noko skikkeleg arbeid, denne "vinteren" som kom no sette ein stoppar for det meste.

          All snøen på altanrekkverket smelta på føremiddagen i dag.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...