torsdag, februar 02, 2023

Dagbok 2023: 2.februar

Sola kliv snart "honnje"


 Klokka er no 15.40, temperaturen er litt under 0 grader og det er nydeleg vêr med sol og nesten klår himmel.

Vi fekk melding frå fysioterapeuten i går kveld om at det ikkje vart trening i dag. Det er diverse saker som skal gjerast på romma der vi trenar og då kan vi ikkje vere der. Så i dag då eg stod opp og hadde ete frokost, sette eg meg til å sjå serien min mens eg strikka og skulle følgje med sola , kor tid ho kom og fór t.d. Vi har ikkje fått observert dette før i år fordi det har vore så lite sol og klårvêr.

Sola skein inn i stova til meg då klokka var 9.55. Ho hadde ein lite pause etter klokka 12, men så har ho vore her heile tida sidan, og eg ser henne enno, men no held ho på å gå bak om fjella i sørvest. Det er berre herleg å sjå att sola-og det utan at det er gnallkaldt.

Når vi ikkje skal ha trening så blir det nesten som ein fridag. Og kva skulle eg bruke den til i tillegg til å observere sola. Jau, det er alltid noko ein kan gjere sjølv om ein er låk i ryggen. Eg tok og støvsuga teppegolva, tørka støv og tok oske ut or omnen etc., også bytte eg på senga mi, men då ringde det på døra. Det var Marit med rullator greier som ville ha meg med ut på tur. Eg heiv på meg litt meir klede og så gjekk vi, like langt som eg plar gå når eg tek ei liten tur på Vallabøen-Men det er mykje kjekkare å gå når ein har nokon ilag med seg. Eg håper det ikkje vart for mykje for Marit. 

Eg var på butikk på måndag, men då hadde eg ikkje kjøpt alt eg trong, så eg hadde ærend på KIWI i dag også. Eg var litt spent på om eg fekk ut bilen sidan det ikkje var måka bort til garasjen, og snøen var altfor hard til å moke i dag. Det gjekk kjempefint og utan problem.

Då eg kom heim var eg svolten, så eg åt grauten som eg hadde att frå måndag, hadde ikkje tid å lage meg noko. Og så kokte eg meg kaffi til dessert. No er sola borte bak skyene , så no blir de vel å kveike opp i omnen, ta fram strikketøyet og sette på TV, Eg brukar å høyre mykje nyheiter når eg strikkar -om att og om att.

Det er ikkje til å tru, men i morgon er det fredag igjen.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...