onsdag, januar 11, 2023

Dagbok 2023: 11.januar



 

Klokka er no 15.50 og bilda eg legg inn er heilt ferske. Det har regna så smått i heile dag og temperaturen er ca +5 grader. Eg som ikkje vil ha verken snø eller kulde må vel vere nøgd no? Det er likevel ikkje så lenge til vi kan få sol inn i stova og då kan det gjerne klårne opp. Men det er ikkje eg som styrer veret-det skulle tatt seg ut!-

I dag hadde eg tenkt å vaske og rydde på soverommet og datarommet, men der er så mykje teppe på desse romma at eg må ha opplett når eg skal gjere reint. Soverommet fekk stå, men eg tørka støv, støvsuga og rydda på "kontoret" mitt - der var eit visst behov. Men først støvsuga eg stova og gangane. Det tek si tid alt; når ryggen ikkje er så god, blir det mange pausar. Men eg har tid!

Elles har eg heimedag i dag, eg var ikkje freista til å gå ut, så eg har halde meg inne, strikka, sett TV lese spansk etc. Til middag fann eg meg diverse som må forlate kjøleskapet, med andre ord det som vart kjøpt for mykje av før jul, det er ikkje altid så fristande å ete restar, men eg har god appetitt, så det går bra-

Først på dagen vart eg frustrert over alt eg ikkje får til på telefon, datamaskin og i det heile tatt. No fekk eg i alle fall til å retta appen for bosstømming, så no viser den rett. Her har vore kurs for eldre, både for telefon og datamaskin, men eg har ikkje vore der- det passa ikkje for meg akkurat då. Eg får melde meg på neste kurs.

I morgon er det trening igjen, og då blir det gjerne tur innom ein butikk med det samme-same kor mykje eg har i hus så er det alltid noko som manglar. No har eg strikka 6 par lester etter jul, men eg har enno garn til to par att, såpass eg har noko å ha på hendene når eg ser TV. Eg har ofte nyheiter ståande på i timesvis, og då får eg med meg litt av kvart. Ikkje alt er like kjekt.

 





Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...