onsdag, november 09, 2022

Dagbok 2022: 9.november



 

Klokka er no17.15, temperaturen ute er + 10 grader og i dag har det vore opplett, det har i grunnen vore ein fin dag. 
I går kveld begynte eg å lese Karin Fossum si bok om "Helvetesilden", lese inn på lydbok av Nils Johansen. Valde boka utfrå tittelen pluss forfattaren og opplesaren. Eg låg og høyrde ei stund ,og trudde eg skulle gå rett over i draumelandet som vanleg. Men søvnen ville ikkje kome til tross for dei to sovetablettane og to Paracet. 
Då klokka var 4 gav eg opp, og prøvde mitt siste gode råd for å få sove: 1 stk. knekkebrød med brunost . Sovna ikkje med det samme då heller, så eg bestemte meg for å ikkje møte opp på spanskkurset i dag. Då det var bestemt, sovna eg og sov til klokka ringde kl.8. Eg stod opp, men skulle ikkje på spansken, så eg slappa godt av, heilt til klokka var 10 , då ombestemte eg meg og køyrde ned på Bakk-Ola. Og det er eg glad for.
Det går smått med å lære spansk, men vi har det kjekt, vi er etter kvart blitt ein gjeng der vi er trygge, det gjer ingen ting om vi seier noko som er feil, og alle ler. Det sosiale er viktig, og så er det kjekt å vere i lag med folk som ein ikkje møter andre stader.
Då eg kom heim att prøvde eg å gjere litt i hagen, men det begrensa seg sjølv fordi eg slapp opp for sekker. Men no har eg planlagt å fare bort på VØR i morgon, men diverse som eg kan ta i bilen min, og så får eg høyre med dei korleis eg skal bli kvitt resten. Eg må kanskje ned og kjøpe sekker først. Det kjem no litt an på korleis veret er. Om det går and å gjere noko ute.
I dag hadde eg steik ball til middag igjen, så no har eg berre ein kasserolle til med den sorten. Eg likar ikkje å kaste mat, men eg likar heller ikkje å ete store mengder med ball.
No har eg sete og slappa av i godstolen, og eg trur at eg kanskje sov litt,men det må eg vere forsiktig med viss eg vil sove om natta.  
Foten min er verken betre eller verre, men eg tek Paracet, og då har eg det bra det meste av tida. No er det bekmørkt ute, så dagane er ikkje lange. Men snø har vi enno ikkje hatt- og takk for det. Eg har no kjøpt ein boks med "julekaker" som eg har attåt ettermiddagskaffien min.Og den skal eg ta no.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 15.mai

  Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 25 grader og sola skin. Det har ho gjort heile dagen, og eg rekna med at det vart varmt etter kv...